Det meiner Merete Byre-Haakensen, fastlege i frå Lom, og mor til ei dotter med tannregulering. Det er eit reelt problem for mange, både nord i dalen, og i Midtdalen, at ein har så lang reiseveg. Nå har Byre-Haakensen starta underskriftskampanje på underskrift.no.

– Det er eit tilbod på Lillehammer òg, men der er ventetida så lang. Ein må reise like langt kvar gong reguleringa skal strammast, noko som berre tek fem minutt å gjere. Skuleungane misser ein heil skuledag kvar einaste gong, seier ho.

Vanvittig tidsbruk

Ei tannregulering blir stramma kvar 6. til 8.veke.

– Det er ein vanvittig tidsbruk. Kravet er at vi vil ha ein reguleringstannlege i Nord-Gudbrandsdal, til dømes på Otta. Eg håpar også folk i Midtdalen ønskjer å støtte aksjonen, seier Byre-Haakensen, som vil sende underskriftene til Oppland fylkeskommune, Regionrådet for Nord-Gudbrandsal og Norsk tannlegeforenin, mellom anna.