Tidlegare ihaust var heile utvalet på befaring i området ved gamle Vestsida-banen. Utvalet er klare på at i ein jungel av asfalt og nye forretningsbygg, bør det vera att ein grøn flekk.

– Her ligg alt til rette, slik det er i dag. Her kan ein få eit flott areal, med moglegheit for gangveg, for benkar og kvileplassar, og eit område som kan brukast til aktivitet. Midt i mellom butikkar og næringsbygg, seier Ingrid Teige Melby.

Naturleg midtpunkt

Saman med to av dei andre medlemmane i utvalet, Hans Kamp og Jens Milsteinhaugen, ser ho utover området i Lomoen, og påpeiker at det også er ein litt uoversikteleg trafikksituasjon rundt dei.

– Difor er det også viktig å ha ein stad å gåtrygt. Over Vestsida-banen kan ein få ein fin sti, er dei einige om.

Melby meiner det er tragist om grøntområdet ender opp med å asfalterast, eller at eit nytt, stort bygg kjem opp.

– Vi treng eit område som er til for folk, eit naturleg midtpunkt. Plassen her kan bli ei fin sosial sone, fint plassert mellom butikkane. Dette kan også kome dei til gode, meiner Melby.

Brukt av skuleelevar

Det er Nord-Fron kommune som eig arealet, men firmaet Utstillingsplassen Eiendom (UPL) som har opsjonsavtale som dei har bedt om innløysing på.

– Av ulike grunnar er det ikkje skreven salsavtale ennå. Vi oppfattar at det er ei felles forståing for at opsjonen, eller avtala, utgår ved årsskifte, om det ikkje går mot utbygging, seier næringssjef i Nord-Fron, Egil Tofte.

– Vi har heile vegen sett krav til utbygging, og har god og jamn kontakt med UPL, legg han til.

– Kan det vere aktuelt å ta vare på staden som grøntareal?

– Området er regulert til handel. Det er er vårt formål i dag. Det kan tenkast anna formål, men da krev det omregulering, som da vil gå som open prosess, om det blir aktuelt, seier Tofte. Deler av graset på banen vart fjerna tidlegare i haust.

– Dette vart påbegynt mot vår viten og vilje. Det vart difor stoppa da vi oppdaga det. Fram til det skjer noko anna, er det bedre at et ligg som grønt, enn noko anna. Mellom anna brukar Vinstra vidaregåande skule det til gymtimar, seier Tofte.

Melby og resten av utvalet meiner kommunen burde utnytte at dei har eit grøntareal liggande, som er disponibelt.

– Hadde det ikkje vore fint med denne grøne flekken? Eg tenkjer at skulane rundt her ogsåkan nytte den på ein god måte. Vi håpar kommunen gjer denne vurdering, seier Melby. Dølen har ikkje lukkast i å få kontakt med nokon i UPL.

Park: Den tidlegare fotballbanen vil eigne seg godt til eit parkområde med benkar og gangsti, meiner Jens, Ingrid og Hans. Foto: Tone Sidsel Sanden