Søndag var damelaget til Fron på Ottestad for å kjempe om kretsmeistertittelen med dei to andre avdelingsvinnarane i Indre Østland fotballkrets, Lunner og Ottestad.

God innsats

Lunner tapte sin kamp mot Ottestad førre helg, og difor vart det finalespel mellom dei og det unge laget til Fron.

– Vi var å sjå på som under dogs i dette oppgjeret, da Ottestad har heile fire spelarar med landslagserfaring. Men fronsjentene gjekk på banen og tok rett og slett kommandoen, fortel trenar Jan Petter Eide til Dølen. Fron gjekk også opp i leiinga etter 14 minutter, men Ottestad utlikna rett etter.

– Første 20-30 minuttane hadde vi fullstendig overtak i banespele, men Ottestad fekk eit nytt mål og gjekk til pause med 2-1-leiing, sier Eide. Etter kvilen, tok Ottestad meir over, og da sluttsignalet gjekk, sto det 5-2 til dei.

– Absolutt meget god innsats av jentene, slår trenaren fast.

Fron har vunne serien i år med solide ti poeng før nummer to på tabellen, og 72-12 i målforskjell.

– I denne kampen fekk vi prøvd oss på eit høgare nivå seier Eide, om sesongavslutninga for det solide damelaget.

Ottestad hadde laga ei fin ramme rundt kampen, med fokus på Rosa sløyfe-aksjonen. Alle inntektene frå billettsalet gjekk til aksjonen, i tillegg til overskotet frå kiosksalet.

Kaptein Regine Stokkevåg Eide med vel fortent pokal. Foto: GUnn Lien