Den omfattande merksemda eitt av dei ni kunstverka i Vegskilleprosjektet hadde fått i forkant av konferansa, vart dermed ikkje gått hus forbi når fylkeskommunen arrangerer sluttkonferanse saman med kommunar, kunstnarar og kuratorar som har vore involvert, om den den fleirårige satsinga.

– Når Johan Golden i beste sendetid sit og seier at tettstadene i Gudbrandsdalen har fått eit kunstprosjekt som heiter Vegskille for å hanke inn folk frå E6, så har vi lykkast.

Lokale referansegrupper

Kunstkonsulentane Viel Andersen og Eivind Slettemeås heldt fram med å orienterte om kunstverka i dei fem kommunane og måten prosjektet har vore jobba fram gjennom åra.

– Den økonomiske ramma vi såg for oss til å begynne med med 2-4 millionar kroner for kvar kommune, var vel ambisiøst, seier Eivind Slettemeås.

Når dei økonomiske rammene var smalare enn ein såg for seg i utgangspunktet, vart dei lokale kunstkomiteane viktige, også for finansieringa. Dei lokale kunstkomiteane var forankra i kommunane, og har vore det formelle kontaktpunktet mot prosjektet.

– Det har også vore involvert referansegrupper på dei ulike tettstadene, men dei har altså ikkje hatt ei formell rolle, slik det kan ha vore oppfatta, seier Slettemeås.

Fleire programpostar frå dei ulike kommunane og frå nokre av kunstnarane og eksterne bidragsytarar, skal avsluttast med ein paneldebatt.

Anne-Marte Kolbjørnshus meiner merksemd frå Johan Golden og Nytt på Nytt tyder på at kunstprosjektet har lukkast. Foto: Guro Vollen