Fjellstøtt planta i fronsmålet

Sjuåringen sto på Glasmestermoen ein augustdag i 1939. Volrath Vogts bibelsoge og Nordahl Rolfsens lesebok skulle snart opne opp litteraturen for skuleklare Asbjørn Myrvang.

Portrettbilde 

Nyheter

Vi kan i alle fall skulde noko på lærarinna som tok imot Asbjørn denne dagen, Berta Brunborg frå Voss, for at denne karen vart målmann.

Hennar høgtidelege omgang med bibelsoga på normert nynorsk talemål, vart startskotet som for ei språkleg ferd som har sett spor.