Dagleg leiar og gründer Siv Sviland Høye er i ferd med å bygge opp ei verksemd med ganske hårete langsiktige visjonar.

– Det dårlege nettet er faktisk inga lita utfordring for oss. Vi bygger vår eigen business, der vi skal få leiarar for bedrifter opp på garden til oss, og nå har vi faktisk for dårleg nett for vår målgruppe, seier Høye.

Flaut i 2017

Og dei er i ferd med å lykkast med modellen sin. Leiarar i bedrifter frå heile landet kjem for å delta i programma deira.

– Dette er jo nøkkelpersonar i sine bedrifter, og da er det forventa at dei er tilgjengelege dersom det er noko kritisk. Da er det skikkeleg flaut, når eg må til å dele mobilnett for at dei skal få gjort viktige oppgåver, seier ho.

Den langsiktige visjonen til TIMBR er å bli ein kjent aktør internasjonalt med si leiarutvikling.

– Det er utruleg nok, i 2017, korkje kompetanse, vilje eller dei vanlege hindra som stoppar oss. Det er det altfor dårlege nettet, seier ho, som av den grunn slit med å få til møte på skype, til dømes.

TIMBR har sjekka kva det vil koste å få lagt inn fiber til garden, men fleire hundre tusen kroner blir for drugt for gründerbedrifta.

– Vi må faktisk vurdere å endre vår businessmodell dersom vi ikkje får ordna dette, seier Høye.

Politisk vilje

Også frå politisk nivå er det ropt varsku. I vår søkte kommunane i Midtdalen saman om midlar frå staten, til støtte for utbygging i område som ikkje er interessante for kommersiell utbygging. Vekkom, der også TIMBR ligg, var det prioriterte området frå Ringebu kommune si side.

– Søknaden gjekk ikkje igjennom. I denne omgangen var det Hadeland-regionen som fekk midla, seier Erik Odlo (Sp)

Måndag var stortingsrepresentant Ivar Odnes (Sp) på besøk, og temaet var breiband.

– Det er veldig krevjande for distrikta at Nkom-midla blir redusert. Bransjeaktørane byggjer berre ut der det er lønsamt, seier Odlo.

Ivar Odnes sit i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, og seier dei har stilt departementet spørsmål om kva som er den faglege grunngjevinga for kuttet i regjeringas forslag til statsbudsjett. Framlegget er på 69,7 millionar kroner for neste år.

– Det er vel berre dei to regjeringspartia som er samde i det framlegget. Søknaden frå berre Oppland i år var på 100 millionar kroner. At statsministeren seier vi er inne i den digitale tidsalderen, stemmer altså ikkje for alle, seier Odnes.

Rådmann i Ringebu kommune stadfester at dette er eit prioritert arbeid for kommunen, og for heile regionen.

Blir hovudoppgåve regionalt

På felles formannskapskonferanse for Midtdalen i oktober, var halve dagen sett av til dette temaet.

– Slik eg ser det, blir det ei hovudsak for regionrådet å løyse dette, seier Lervåg, som understrekar at det er stor politisk semje i regionen.

– Vi er midt inne i ei allmenn digitalisering, til dømes i skulen og innan helse og velferd. Vi må lyfte i flokk, seier Lervåg.

Direktør i NHO Innlandet, Åge Skinstad, seier dei jobbar for at fiber skal vera definert som infrastruktur på line med bane og veg.

– Vi stiller også spørsmålsteikn ved kutta i Nkom-midlar i vårt innspel til transportkomiteen, seier Skinstad.

Han legg til at tilgang på kompetanse har vorte veldig viktig for dei 2090 medlemsbedriftene.

– Men også breiband blir stadig meir aktuelt i møte med våre medlemmar, og det tek vi med vidare, seier han.

FIBER: Det er store hol i dekningskartet i Midtdalen. Erik Odlo (t.v.) tok opp temaet med stortingsrepresentant Ivar Odnes (t.h.)måndag. Foto: Guro Vollen
Sjekka:Før Nkom-søknad i vår gjorde regionkontoret og kommunane ei kartlegging av behovet for fiber i Midtdalen. F.v.: Egil Tofte, Irene Teige Killi, Willy Heimstad og Frode Martinsen. Foto: Guro Vollen