Konklusjonane i dei to rapportane om prosessane omkring Marienhø-salget i Ringebu kommune, skal opp som sak i kommunestyret tysdag.

Kontrollutvalet (KUV) peikar i saken på at granskinga har avdekt ei rekkje svakheiter sakshandsaminga til kommunen.

Sanering vurdert før tinglysing

Mellom anna er ikkje faktaopplysningar og vurderingar undervegs nedteikna slik at dei er nedtegnet og dokumentert slik at de kan etterprøvast, slik forvaltningslova seier.

Mellom anna manglar det nedteikningar av vurdering av spørsmålet om riving. Ein einskild epost frå januar 2016 syner at temaet har vore oppe mellom kjøpar og kommuneadministrasjon allereie før eigedommen formelt var skjøtt over frå kommunen i februar same år.

Kontrollutvalget påpeikar ordbruken «jeg» og «vi», som må tolkast som avsenderan av eposten personleg og administrasjonen.

– Det finnes ikkje ei antydning til atterhald om politisk handsaming av riving i staden for rehabilitering.

Kontrollutvalget meiner det er påfallande at kommunens føresetnad om rehabilitering og

kjøpers aksept av dette så enkelt kan bli sett til side av administrasjonen. Advokat Wesche skriv: «Det kan synes som om

det i realiteten aldri har vært en seriøs plan knyttet til å beholde bygningsmassen, i og med at saneringsmuligheten er fremmet allerede før skjøtet ble tinglyst. Slik sett kan det

vurderes hvorvidt kjøpekontrakten er inngått under riktige forutsetninger.

I rapporten skriv Wesche også at ein ikkje kan utelukke at kommunen ville ha fått fleire tilbod og eit betre pris som følge av auka konkurranse, dersom utlysinga hadde gjeve signal om at sanering også var eit alternativ.

Kontrollutvalet konkluderer med at administrasjonen ikkje har følgd opp premissane i konkurransegrunnlaget og annonseringa om bevaring av bygget, og at administrasjonen også har overlate til utbyggjar å legge premissa for utbygginga på Marienhø.

Rettsleg ansvar

Da kontrollutvalget i august bestemte seg for å bestille rapport om saksbehandlinga, var ein av faktorane for å opprette sak, dei rettslage ansvarstilhøva kommunen kunne havne i.

Konklusjonen i rapporten frå Wesche er at administrasjonen ikkje har gjort ei kompetent vurdering av desse sidene ved avtalene som Ringebu kommune er part i.

Administrasjonen får òg kritisk merknad for manglande forankring når det gjeld avgjerder og aktiviteter på politisk nivå.

– Saken var fyrst lagt fram til politisk nivå i juni 2017, og saksframstillinga er ufullstendig og misvisande, heiter det.

Kontrollutvalet bestilte rapportane om kommunens rutiner og system i handteringa av dei ulike sakene knytt til Marienhø-området. Foto: Guro Vollen