Før han var 30 år blei Espen Sætha Nord-Frons sjefskokk, da han vart tilsett som kjøkkensjef ved Sundheim bu- og treningssenter. Sidan har det vorte både prisar og eigen byfestrestaurant.

Kriteria til Kommunal Rapport og saker om dei to kandidatane  ligg her.

Inspirerer og gjev matglede

Her er grunngjevinga frå juryen for at Sætha vart nominert: Han deltek og inspirerer på eit viktig felt. Sætha leier eit kjøkken som skapar matglede i praksis. Han pratar dagleg med dei eldre, spør kva dei ønsker og korleis maten smakte. Han ivrar for bruk av lokal mat, samtidig som han byr på nye smakar. Sætha ønsker å utvikle kjøkkenet på bo- og treningssenteret til ein ressurs for heile kommunen. I sommar opna han restaurant for alle på kommunehusets terrasse. Han har også idear om å levere mat til barnehage og skule. Bo- og treningssenteret han jobbar ved, fikk prisen Gylne måltidsøyeblikk i fjor.