Slik kan Røde Kors i Midtdalen stå enda sterkare rusta, dersom det skulle skje ei ulukkei vatnet.

– Både i Sør-Fron og på Otta har dei båt vi kan bruke. Men det er store avstandar. Ofte trengs slik hjelp raskt, og da er det ein fordel om entetida er stuttast mogleg, seier leiar for Skåbu/Espedalen Røde Kors, Ole Kristian «Pinken» Slåen.

Kan gje rask hjelp

Det var ein rørt leiar som mottok pengegåva tysdag. Det han trudde var eit «vanleg» møte på brannstasjonen i Ringebu, var nemleg regissert i anedning at Gjensidigestiftelsen ved Pål Haugstad skulle dukke opp.

– Responstid er så viktig, spesielt når det gjeld vassredning. I søknaden frå Røde Kors hadde dei lagt ved kart, som synte alle vatna i Skåbu-/Espedalen-området. Det er mange. Dette er eit prosjekt som er godt kvalifisert for å få støtte, seier Haugstad.

I fjor haust vart Røde kors minna på kor viktig det er med god bereiskap, da ein båt kantra på Vinstervatnet. Ein mann omkom.

– Ein såg at det vart ein del venting, og vi ringde også etter privatpersonar midt på natta. Det er ikkje noko særleg, fortel Slåen, som også legg til at dei har hatt fleire aksjonar i Sikkilsdalen.

– Ofte må private bistå. Med desse pengane kan vi sjølve klare å få gitt rask hjelp, seier han.

Eige fagfelt

Eit samarbeid mellom Midt-Gudbrandsdal brannvesen og Røde kors, skal sikre ein framtidig god beredskap til vanns.

– Vi har oppretta ei eiga gruppe i brannvesenet, som skal ha vassredning som fagfelt. Fleire og fleire brukar friluftsområda, og mange er kanskje ikkje erfarne turgåarar. Da kan det raskare gå gale, seier brannsjef Per Martin.

Viktig å støtte

Den nye båten skal vere stasjonert i Skåbu.

– For eit lite lag som vi er, er det å få pengar til båt og hengar heilt fantastisk. Vi har ingen økonomi, og ville aldri hatt råd til å kjøpe dette sjølve, seier Slåen.

Gjensidigestiftelsen har til saman delt ut 7,3 millionar kroner i Norge. Det kom inn 117 søknader i Oppland. 42 millionar kroner vart fordelt på til saman 40 prosjekt.

– Båtprosjekta er viktig for oss å støtte, slår Haugstad fast. I Skåbu og Espedalen håpardei at båten også skal føre til betre rekruttering i laget, som tel åtte personar i dag.

– Dette kan kanskje gjere det enda meir attrativt å vere med i lokallaget for dei unge også, seier ein fornøgd leiar til Dølen.

Aksjon: Røde kors var med i redningsaksjon inni Vinstervatna i fjor. Ein båt som på biletet blir nå kjøpt inn for å stå i Skåbu. Foto: Privat