Med nesten ni hundre i publikum, fordelt på tre opplevingsrike og rørande konsertar, kunne ikkje Kari og Frode tenkt seg betre resultat.

– Vi sit att med så mykje, og det har vore så fint å ha dette å jobbe mot i mørketida, seier Frode, som tok initiativet til konsertane og innsamlingsasjonensjonen, da kona Kari fekk kreft.

– Eg tykkjer det er så viktig å få samle inn til forsking, utan den hadde eg ikkje sutte her i dag, seier Kari sjølv.

– Det som er spesielt her, er at engasjementet også utanom konsertane har vore så stort, seier Siv Stafsberg-Gregersen, rådgjevar i Kreftforeninga, som tok imot sjekken på 290.000 kroner.

Har gjort inntrykk

Ho fortel at det har vore ein snakkis i organisasjonen, også sentralt.

I tillegg til 140.000 kroner frå konsertane kom det inn 150.000 kroner til på kontoen familien oppretta i samband med innsamlinga.

– Eg trur det engasjementet syner at kreft berører mange, og så håpar vi at vi kanskje har inspirert fleire til å vera opne om sjukdommen slik Kari har, seier Frode.

Stafsberg-Gregersen seier gaver som denne er heilt essensielt for deira arbeid, til dømes når dei skal lyse ut forskingsmidlar.

Kvart år får mellom 35 og 40 000 personar i Norge kreft. I snit er det 90 kvar dag.

- Kvart år har vi open utlysning av midlar til forsking, og det er gåver som dette som gjer at er mogleg, seier Stafsberg-Gregersen.