Det jula handlar om

O jul med din glede

«Nå har vi vaska gølvet, å vi har børi ved…» spelast om og om igjen på radioen medan lukta av gløgg og peparkaker breier seg i heile nabolaget.

Marie Elvestad skriv om ei anna side av julefeiringa, mellom anna alle dei borna som også gruer seg til høgtida.  Foto: Privat

Adventstida går alt for sakte, og det kjennast ut som tida står stille fram mot jul.

Handlar ikkje jula om å stå saman? spør Marie T. Elvestad  Foto: Privat

Nyheter

Dagen er ein time lang og snøen kjennast ut som nyklipte papirstrimlar. Det står eit vinglas på bordet.

Fylt til randen med raud gift. Det lyser innbydande mot henne. Eg ser ho løfte det opp med svolt i auga.

Glaset ser lett ut. Som eit hån mot det tunge det ber. Jula er tida for glede og kjærleik. Nei, jula er tida for vondskap og redsel.»

Vi forbind jul med gåver, god mat og sosialt samvær saman med kjente og kjære. Jula er tida då stress blir lagt til side og ingenting sparast på.

Ribbe, øl og smultringar fordøyast jamt medan julegåver pakkast desperat opp i håp om å få den nyaste mobiltelefonen og det nye alpinutstyret.


Å vera synleg i trafikken

Bruk refleks i den mørke tida

Ein liten refleks nær kroppen kan redde mange liv. Nå, som den mørke tida på året kjem, er det enda vesentlegare at vi innser kor viktig det er med refleks.

 

Noreg har vorte ein ekstrem nasjon på dei materielle behova jula bringar med seg, og folket feirar ikkje lenger jul som ein kristen tradisjon. I dagens Noreg er jul ei høgtid der kapitalismens konkurranse set inn høggiret i handelsstanden og familie bytast ut med gjenstandar.

Det startar i november. Dagane blir kortare og stressnivået stig. Jobb skal avsluttast, skulearbeid skal leverast og ting skal klargjerast til jul. Spenning og forventing bygger seg opp.

Så kjem desember. Månaden tusenvis av barn har gleda seg til i eit heilt år. Adventstida går alt for sakte, og det kjennast ut som tida står stille fram mot jul.

Plutseleg er dagen komen. 24. desember står og banker på døra med eit vennleg smil og mange hemmelegheiter på lur. Dei tusenvis av barna som har venta på denne dagen i ei æve opnar opp døra, like naive som åra før.


Sentraliseringsreformen

Sentralisering har hengt over Noreg sidan den industrielle revolusjonen. Det skaut verkeleg fart etter 2. verdskrig, da alt skulle effektiviserast, forenklast, bli billigare og allment. Folk skulle bo samla; geografien skulle endrast. Har sentralisering og effektivisering gått for langt?

 

Kvart år fell forventingane i grus og spenninga eskalerer til redsle for tusenvis av barn. Minst 150 000 barn gruer seg til jul kvart år og alt det bringer med seg. Ei tid med glede og varme forvandlast fort til ei tid med ansvar og problem.

Dei veit at dei har framfor seg ei periode med for mykje alkohol og unødvendig press. Jula er den tida på året det blir registrert størst inntak av alkohol og det med god grunn. Allereie ei god stund før sjølve høgtida, finn julebord og avslutningar stad. Mørketida spreier seg til barnas kvardag der det i utgangspunktet skulle vore ljos og varme.

Konsekvensane av misbruk av alkohol i jula er ikkje berre bakrus og skallebank. Det er barna det går utover i størst grad. Mesteparten av dei som misbruker alkohol i jula gjer det vanlegvis ikkje elles.


Asosial med sosiale media

Avhengig av "likes"

Snapchat, Facebook, Twitter og Instagram er nokre sosiale medium som blir sjekka opp til fleire gonger dagleg. I følgje bufdir.no bruker ungdom i alderen 15-16 år i gjennomsnitt over 3,5 timar per døgn på nettet, og det er venta at desse tala vil fortsetje å stige.

 

Dei fleste som opplev misbruk av alkohol er heilt vanlege familiar der foreldra har eit avslappa forhold til alkohol. Kva kan vere årsaka til at jula er eit unntak frå resten av året?

Alkohol er ein del av den norske kulturen. Kanskje noko av grunnen til at alkohol blir misbrukt i større grad i jula enn elles er fordi samfunnet har endra seg?

Det har vorte ein kultur for å drikke seg full på julebord og drikke til kvart måltid i heile juletida. Eitt glas blir til to. To glas blir til fire. Fire glas blir til åtte. Folk blir påverka og tradisjonar spreiar seg. Er det dermed greitt?

Til alle tider har alkohol vore brukt og misbrukt og kjem nok òg til å vere det i framtida. Då er det kanskje ikkje håp for dei 150 000 barna som har det vondt heile desember?

Eg meiner jul er ei vakker høgtid som har utvikla seg vidare frå ein kristen tradisjon til ein tradisjon i norsk kultur som ikkje er religionsstyrt. Det å ha moglegheita til å feire jul trur eg er positivt for familiar og er med på å styrke familieband. Dessverre er det mange barn i Noreg som ikkje deler denne oppfatninga.


Motivasjonen for å lære må ein finne i seg sjølv

Det same skjer kvart år. August er komen, og opplagte elevar trippar inn på skulen etter ein lang ferie.

 

Eg trur Noreg som nasjon må ta meir ansvar og bruke jula som ei moglegheit til å hjelpe dei som ikkje har det godt. Det finst håp for dei 150 000 barna i Noreg som er redde. Det finst håp når vi står saman og er usjølviske.

Kanskje kan vi opne heimane våre og gje andre enn oss sjølve sjansen til å oppleve ei god jul. Handlar ikkje jul om å stå saman og gje ei hjelpande hand til dei som treng det?

«Nå har vi vaska gølvet, å vi har børi ved…» spelast om og om igjen på radioen medan lukta av gløgg og peparkaker breier seg i heile nabolaget.

Det står eit vinglas på bordet. Fylt til randen med raud gift. Det lyser innbydande mot henne.

Ho tek eit djupt andedrag og stålsett seg mot freistinga. Mor mi snur seg mot meg med eit glimt i auga medan ho gjev meg ein god, varm klem. Ja, jula er tida for glede og kjærleik.