I dag må mjuke trafikantar og tungtrafikk dele brua der europavegen krysser Våla. Statens vegvesen har nyleg gjennomført ei trafikksikkerheitskartlegging i Ringebu sentrum.

Fleire tiltak vurdert

Tiltak for å betre tryggleiken må til, i og med at prioriteringane i Nasjonal transportplan (NTP) har sørga for at hovudferdselsåra gjennom Gudbrandsdalen framleis kjem til å gå her i mange år ennå.

Statens vegvesen (SVV) har spela inn framlegg til vegdirektoratet, i forkant av planprogrammet for riksvegar.

– Vi har foreslått forsterka ljossetting og ei utbetring og forsterking av midtfelt ved fotgjengarovergangar, samt nedsett fart til 40 kilometer i timen. Det er også lagt inn forslag om gangbru ved sidan av eksisterande bru over Våla, seier Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen.

Kostar å få opp bru

Ei gangbru tilsvarande den som er tenkt parallelt med eksisterande bru over Våla, var sett opp i Lillehammer i fjor, med ein prislapp på 10-12 millionar kroner, kan Stensrud fortelja.

Han vil ikkje spekulere i sannynlegheita for å få løyving til ei slik bru, før handlingsprogrammet ligg føre i fyrste halvdel av februar.

– Det er fyrst når dette ligg føre frå Vegdirektoratet at vi kan forvente å få svar på om det er penger til dei tiltaka vi ønskjer å gjennomføre i Ringebu sentrum, seier han.

Forstår tiltak trengs

For gjennomfartstrafikken i Gudbrandsdalen er Ringebu ein flaskehals, og Norges lastebileierforbund sine medlemmar er av dei som merkar det best. Regionsjef i NLF, Guttorm Tysnes, seier dei har etterlyst sikringstiltak gjennom Ringebu i lengre tid.

– Det er ikkje ein god trafikksikkerheitssituasjon gjennom Ringebu. Mellom anna er det utfordrande med 9 fotgjengarovergangar og 34 avkøyringar gjennom sentrum, seier Tysnes.

Håpar statsråden held ord

Han trur det kan vera eit visst håp om ei forsering av utbyggingsplanane som ligg føre i gjeldande NTP.

– Nå har både SVV og Nye veier jobba for å få til ei alternativ løysing for E6 forbi Ringebu, så ein får håpe statsråden held ord slik at vegen blir prioritert tidlegare, i alle fall ved neste rullering av NTP om fire år, seier Tysnes.

Han stadfester at Ringebu er ein flaskehals for lastebilar, men at dei likevel har forståing for tiltak gjennom sentrum, også ei endring av fartsgrensa ned til 40 kilometer i timen.

– Ei endring frå 50 ned til 40 vil ikkje utgjera så stor forskjell, og kanskje er det naudsynt for å få tilfredsstillande trafikksikkerheit. Gangbru håpar vi på, det har vore oppe før, men vorte lagt bort. Problemet er at folk kryssar der det er mest naturleg, og det er over denne brua, seier han.

– Må skje nå

Ordførar Arne Fossmo i Ringebu er også lei av at gangbrua han meiner er naudsynt blir sett på vent.

– Dersom det ikkje kjem midlar frå vegdirektoratet i denne omgangen, må rett og slett SVV omprioritere andre midlar, seier han.

Han meiner situasjonen er uforsvarleg.

– Ingen har nokon å miste fordi om det ikkje blir løyvd midlar nå. Kommunen har sagt vi stiller grunn til rådigheit og at vi stiller opp for å få dette gjennomført så snart som råd, seier han, og legg til at denne gangbrua har vore på vent altfor lenge.

Flaskehalsen Ringebu sentrum utgjer på E6 i Gudbrandsdalen, er på det trongaste på brua over Våla. Brua er det naturlege valet for ungdomsskuleelevar på veg til sentrum, men her er det ikkje fysisk skille mellom mjuke trafikantar og biltrafikken. Foto: Foto: Guro Vollen/arkiv