Folkedansaren Martin Myhr hadde kurs for elevar både på barneskulen og ungdomskulen, da han likevel var i bygda for å ha kurs på Kaupanger i helga.

- Vi passa på å huke tak i han når Ringebu swing og gammeldans hadde leigd han inn til kurs, seier kulturkonsulent Tina Lie.

Dermed fekk både sjuande- og åttandeklasser lære dei tradisjonelle dansane polka, nærare bestemt strekkbuksepolka, var innom litt springleik og avslutta med halling.

Fredag kveld og laurdagpå dagen er det kurs i regi av danseklubben, for folk i alle aldre.

- Dei siste åra har det vore fokus på å ta vare på gammeldansen, og vi håpar at dette kurset kan få fleire til å oppleva at dans er både sosialt og moro, seier Solvår T. Gaustad i Ringebu swing og gammeldans.

Det heile blir avslutta med ein rusfri dansefest laurdag, på Kaupanger.

Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron spela til dansen Foto: Guro Vollen