Det er om lag tre veker sidan høghusplanane til eigar av den gamle sagtomta i Ringebu, Bergene Holm eiendom, vart kjent.

Førebels er det berre skisser, men Bergene Holm spelar dei inn som ledd i arbeidet med reguleringsplan for området.

På heile området er det planar for inntil 100 bueiningar, og på ei av skissene skyt altså eit bygg på over ti etasjar i været.

Det kan vel seiast å vera kontroversielt, all den tid det frå før er eitt- og toetasjes hus som pregar landsbyen Ringebu.

Kva tykkjer så folk om forslaget?

Spør andre ...

Å få tilreisande sør-frøningar eller fåvangingar til å uttale seg, er fånyttes. Dei fyrste vi møter i kategorien busette nord og sør for Vålebrua, nektar å la seg avbilde og stå for meininga si på trykk.

Men Randi Kristiansen frå Ringebu er ikkje blyg for kva ho meiner om eit bygg på over ti etasjar i Ringebu.

– Det kan dei setja eit stort kryss over! Eg syns det øydelegg heile miljøet, seier ho.

Kolossar midt i ein slik fin by vil ho ha seg fråbedt. Ved same kafebordet sit ein meiningsfelle. Camilla Joten bur på Fåvang, men meiner gjerne noko om bygget på skissa vi har med.

– Ja, eg las om dette i avisa. Eg sa NEI høgt for meg sjøl da eg las om det, og meiner slike hus blir malplasserte i eit miljø med små, låge trehus. Eg håpar det ikkje blir noko av, seier ho.

Men bygging har ingen av dei noko i mot.

– På meg som er i småbarnsfasen verkar det som at mange ønskjer å koma attende og etablere seg her, så eg trur det er bruk for det, seier Joten.

Kristiansen har ikkje budd her så lenge sjøl, men trivs veldig godt, og meiner fleire kan gjera det.

– At det blir bygd leilegheiter er positivt, og det kan det vera marknad for, trur ho.

Kronisk positiv

Hans Anton Torgersen er i gang med bolledeigen på Værfastbutikken i Vålebrua. Han karakteriserer seg sjølv som kronisk optimist, og synest planane er spenstige.

– Eg tykkjer det er heilt topp at dei vil bruke dei gamle industritomtene, og så er det spenstig av dei å tenkje utanfor boksen med eit slik høghus, seier han.

At hytte i Kvitfjell kan få konkurranse med leilegheit i landsbyen, er heller ingen dum tanke, synest han.

To damer på kafebesøk er nok av ei anna oppfatning, i alle fall når det gjeld høghus.

– Eg vil ikkje vera med på å bygge høghus nei, det høyrer ikkje heime i Ringebu, slår Ester Sørensen fast.

– Høgst tre etasjar, seier ho bestemt.

Grethe Brende Sagstuen er heller ikkje noko for høghus. Dei ser på skissene vi har med, og peikar ut den meir moderate skissa utan høghus.

– Fire er høgt nok

– Fire etasjar er jammen høgt nok det! Dette håpar eg Ringebu seier imot, seier Grethe.

Dei påstår seg å vera så gamle at det ikkje får så mykje å seie for dei, men tenkjer på framtida til Ringebu også.

– Det er veldig bra at det kjem folk og at det blir bygd og at det er bruk for leilegheiter, seier dei, og er samde om at det er triveleg i Ringebu med gågate og alt.

– Eg trur det kjem att butikkar der det er tomme lokale også, eg, seier Grethe.

Og at det er det som kjem til å lokke folk innom Ringebu, og ikkje eit høghus.

Randi Kristiansen og Camilla Joten er samde om at høghus ikkje passar i Ringebu. Men bygging av leilegheiter har dei tru på, og at kvalitetane til landsbyen vil lokke folk. Foto: Guro Vollen
Hans A. Torgersen er positiv til bustadbygging på industritomta og syns også det er sprekt av utbyggar å tenkje utanom boksen med høghus. Foto: Guro Vollen
Slik ser skissa av høghuset ut; den finst også i ei utgåve utan høghus. Det er området sørvest på sagtomta ein vil bygge ut fyrst. Foto: Faksimile: frå Ringebu kommune/skisse ved Halvor Tangen/Plan1