Frå 26. februar kan du sjå Ragnhild og og dei to- og firbeinte kollegane hennar i Vågå tamreinlag på NRK, i ein ny sesong av Gjetar i Jotunheimen.

Heller hestar enn turistar

Ragnhild Jacobsen voks opp på Fefor, der foreldra dreiv hotell i mange år. Sjølv heldt ho helst til i stallen, med eigen hest heilt frå barneskulealder.

– Og så gjekk hestedilla mi aldri heilt over, seier ho.

Nå er hestane og hundane arbeidskameratar i tamreinlaget, der Ragnhild har jobba som gjetar i ti år til sommars. Fyrst som sommargjetar, før ho fekk fast jobb gjennom heile året i 2010.

Bestisselfie: Enkelte av reinane er veldig tamme, og denne bukken poserer villig vekk, og heiter da også Selfie. Foto: Ragnhild Jacobsen

Sikkilsdalen

Ho var på ingen måte ukjend med gjeting frå før; som sommargjetar for Norsk hestesenter i Sikkilsdalen hadde ho fem år bak seg med ein jobb utan overhengande fare for kontorkondis.

– Det blir jo ein livsstil, der vi følgjer syklusen til reinen gjennom året, seier Ragnhild.

Det er ikkje lenge sidan dei flytta reinen over på vinterbeite innmed Mukampen, noko som tek ei vekes tid. Når flyttinga er unnagjort går gjetarane i ein vinterturnus i lag på to, der dei jobbar ei veke og har neste veke fri. Dei er fire fast tilsette gjetarar i Vågå tamrein.

stort: Området reinsflokken beitar i er stort. Kvar dag er gjetarane i kontakt med flokken, om vinteren i lag på to, ei veke på og ei veke av. Foto: Guro Vollen

Starta under krigen

Vågå tamreinlag vart starta under krigen, 26. januar 1942. Det ferske laget hadde da meir erfarne tamreinlag på båe sider av seg, i Lom tamreinlag og på Valdressida. Berre folk som er busette i og skattar til Vågå kan eige aksjar i laget - det var fastsett alt frå starten.

Sjølv har Ragnhild i alle fall busett seg midt i arbeidsområdet, etter at ho kjøpte seg ein liten stad på Randsverk.

Arbeidsdagen er å vera ute i allslags vær, i lag med dyra.

Kompisar

Både hundane og mange av reinsdyra blir som kompisar å rekne.

– Mange av dei blir kjøle tamme, slik som Selfie, som eg tok selfie med, seier Ragnhild. Og naturen er rundt dei heile tida. Som gjetar følgjer ho heile årssyklusen til reinen, i eit landskap som endrar seg med vær og årstider.

– Ein ekstra bonus er jo naturopplevingane, seier ho.

Til hest: Som ein av få gjetarar jobbar Ragnhild frå hesteryggen i barmarkstida. Her på vallaken Mimir, ein av to islandshestar ho brukar i jobben. Foto: NRK
Flokk: Mimir deler matfatet med ei av søyene Ragnhild har til låns for hundetreninga si skuld. Foto: Guro Vollen

Fryktar to ting

Det einaste ho fryktar er ulv, og CWD (Chronic wasting disease, eller skrantesjuke).

– Får vi eitt tilfelle av det, er det kroken på døra, seier ho.

Kroken på døra har ho allereie sett, for enkelte fora på nett.

– Eg vart så provosert av kva folk kan få seg til å meine; at dei kan sitje der og seie at ulv ikkje er noko problem. Dei snakkar som dyrevelferd skal vera berre for ulven, utan noko empati for sauer som blir skadde av rovdyr, seier ho.

Fyrste episode

Snart kjem gjetarkvardagen til Ragnhild og dei tre andregjetarane i Vågå tamrein inn i stovene til folk. Det har ho eit avslappa forhald til.

– Eg tenkjer vel at det ikkje er så veldig spesielt å vera på tv, seier ho.

Ho skryter av programskapar Rebecca Nedregotten Strand.

– Ho gjer jo alt sjølv, filmar og er med oss alle stader. Til slutt gløymer eg at ho har det kameraet der, fortel Ragnhild.

Det er Ragnhild som er i fokus i den fyrste episoda av serien. Det at ho brukar hest er på jobb er spesielt, og episoda handlar mykje om det. At ho sala hesten, vart til dømes filma fleire gonger.

– Til slutt vart det litt rart når ho spurte ”kva gjer du nå”, for ørtende gong, så da vart det litt slik, nei, eg salar nå hesten, da. Til slutt blir det heldigvis bra. Eg har sett episoda mi, og eg står i alle fall for alt eg gjer og seier der, avslutter ho.

Kolleger: Ragnhild har tre boardercolliar, ei mor, med sønn og dotter frå ulike kull. Mor er pensjonist, medan dei to andre er med på jobb, sommar som vinter. Foto: Guro Vollen
Bestisselfie: Enkelte av reinane er veldig tamme, og denne bukken poserer villig vekk, og heiter da også Selfie. Foto: Ragnhild Jacobsen
stort: Området reinsflokken beitar i er stort. Kvar dag er gjetarane i kontakt med flokken, om vinteren i lag på to, ei veke på og ei veke av. Foto: Guro Vollen
Til hest: Som ein av få gjetarar jobbar Ragnhild frå hesteryggen i barmarkstida. Her på vallaken Mimir, ein av to islandshestar ho brukar i jobben. Foto: NRK
Flokk: Mimir deler matfatet med ei av søyene Ragnhild har til låns for hundetreninga si skuld. foto: guro Vollen Foto: Guro Vollen
Kolleger: Ragnhild har tre boardercolliar, ei mor, med sønn og dotter frå ulike kull. Mor er pensjonist, medan dei to andre er med på jobb, sommar som vinter. Foto: Guro Vollen