Ga bort pledd som varmar både innvendig og utvendig

Mange blir sjuke under behandling av kreft. Ruste Bygdekvinnelag tenkte at desse treng noko ekstra godt å varme seg på.

Gåve: Ruste Bygdekvinnelag, representert av Birgit Haugen (t.h.), overleverte teppet til Runa Tagestad. Foto: Privat. 

Nyheter

I løpet av 2017 har Ruste bygdekvinnelag hatt ein skikkeleg strikkedugnad. Og denne veka vart resulatet overlevert til legekontoret på Vinstra.

– Vi overleverte eit teppe som er strikka på dugnad. Teppe ønskjer vi at damer som soknar til doktorkontoret kan læne dette under behandling av bryst- og underlivskreft, seier leiar i Ruste Bygdekvinnelag, Borgny Sletten.

– Da kan dei halde seg gode og varme, og samstundes vite at medsøstre tenkjer på dei, legg ho til.


Kreftkontaktane gir den viktige omsorgen når sjukdommen rammar

Det handlar om å vera på tilbodssida for kreftkontaktane, som gjennom møte med pasientane kjem tett på både liv og død.

 

Sletten fortel at Nord-Fron kommune vil ta på seg å vaske teppet etter bruk.

– Så det er berre å levere det inn att på legekontoret, seier Sletten, som fortel at tanken bak strikkedugnaden, er å gje noko å varme seg på, i dobbelt forstand.

– Dei fleste har nokon dei kjenner som er sjuke av denne stygge sjukdommen, og vi i laget pratar mykje om kva vi kan gjera for dei, seier Sletten.