Saka er oppdatert.

I desember i fjor, knytt til budsjettbehandlinga, la Nord-Fron inn støtte på 400 000 kroner til bygging av anlegget i Jordalen. Premissane var at kommunane Sør-Fron og Ringebu også gjekk inn for å gje økonomisk støtte.

Førre tysdag, 20. februar, følgde Sør-Fron kommune etter. Da gjorde kommunestyret vedtak om å gje eit tilskot til Gålå idrettsanlegg AS på 400 000 kroner til bygging av hoppanlegg. I likheit med Nord-Fron, set også dei som ei forutsetning at nabokommunene også gjev sitt bidrag.

Bør heller gje dei minste bakkane støtte

Nå står det att å sjå om Ringebu kommune ønskjer å hengje seg på.

Saka skal opp i formannskapet torsdag. I innstilling til vedtak, foreslår ikkje rådmann Per H. Lervåg å gje økonomisk tilskot på 200 000 kroner til Gålå idrettsanlegg AS. Det er byggjetrinn 1, K70-bakke, rådmannen meiner ikkje kommunen bør støtte. Byggjetrinn 2, K10-, K25- og K45-bakker, meiner han kommunestyret bør vere innstilt på å støtte.

For at Gålå idrettsanlegg AS skal kunne arrangere hovudlandsrennet i 2019, som dei er tildelt av Norges skiforbund, er dei avhengig av å få realisert byggjetrinn 1, K70-bakke.

Rådmann Lervåg har gjort vurderingar for si innstilling ut i frå eit rekrutteringsperspektiv. Han viser til at Ringebu har berre to aktive hopparar, og at det gjennom det 20 siste åra har vore mellom to og fem aktive hopparar årleg i Midtdalen.

- Med tanke på rekruttering, må ein likevel stille spørsmål ved at det er den største bakken som byggjast fyrst, utan at finansiering av byggjetrinn 2er klart, skriv Lervåg i vurderinga.

Han meiner at kommunen bør gje positive signal med tanke på støtte til finansiering av byggjetrinn 2, som er rekrutteringsanlegget.

- Her må ein seinare søknad presenterast, med fullfinansiering, og der spelemiddelsøknaden er godkjend av vertskommunen Nord-Fron, skriv Lervåg.

Så står det att å sjå om politikarane i Ringebu er einige i rådmannen si vurdering i saka.

Hopprekruttering

Styreleiar i Gålå idretssanlegg, Ole Tvete Muriteigen, håpar politikarane i Ringebu ser viktigheiten av dette interkommunale anlegget.

- Denne finansieringsodellen var sett som ei foutsetning for at vi skulle kunne byggje. For oss er det nå eller aldri, seier Muriteigen.

Som ordførar i Sør-Fron har han vore inhabil i all politisk behandling i saka, og han har heller ikkje delteke i noko partipolitisk diskusjon kring hoppanlegget.

- Eg kan forstå argumentasjonen til rådmannen i Ringebu, men samstundes er målet at bygging av den største hoppbakken, skal generere inntekter til vidare utvikling. Om vi får eit slik anlegg som i Jordalen, er eg sikker på at vi vil sjå ei hopprekruttering som kjem som ei kule, seier Muriteigen.

Han minner og om at Ringebu også har vore med på å prioritere hoppanlegget i plan for interkommunale anlegg.

- Eg håpar at politikarane seier ja til dette. Dersom dei ikkje gjer det, må vi sjå om det finst andre måtar å finansiere dette på, seier Muriteigen.