Dei to damene er på turne mellom ulike kor i Norge, noko dei fekk smaken på og har halde på med sidan 2014.

– Det er veldig fint opplegg for oss, sidan vi berre treng å stille med konsertlokale og lydopplegg, seier Lena Gallatin Løsnesløkken, som er dirigent for Fri Gospel.

Oppvarming til Chicago

Koret planlegg også ein tur til Chicago, der den eine av damene, Elsa Harris, kjem frå.

– Vi skal dit i haust, ja, så du kan jo seie dette blir ei bra oppvarming, seier Løsnesløkken.

Angela Primm, som er den andre av dei to gospelartistane, held til vanleg til i Nashville. Båe damene skal vera garantistar for svingande tradisjonell gospel, og i tillegg til sang, akkompagnerer Elsa Harris også på pianoet.

Øver saman same dag

Harris og Primm kjem til Fåvang gjennom eit turneopplegg som Skjærgårdsgospel står bak, og skal øve med koret same dag som konserten skal vera.

– Vi har hatt øving litt oftare enn vi brukar, og har øvd litt meir enn vi plar sidan i fjor, fortel Løsnesløkken.

Fri gospel har nå 25 koristar, og er etter kvart eit stabilt og harmonisk kor, i følge dirigenten.

– Damene kjem klokka halv fem, og konserten er tre timar seinare, og kan lova skikkeleg svingande tradisjonell gospel, seier ho.

Vinterfest

Det er ikkje eit fåtal konsertar og arrangement i Ringebu om dagen, i løpet av vekene med ulike vinterfestarrangement.

– Det er jo veldig fint å ha ein konsert under vinterfesten, meiner Løsnesløkken.

– Har Fri gospel hatt konsert i Fåvangkyrkja før?

– Eg veit vi har vore med på arrangement der, men eg trur ikkje vi har hatt eigen konsert der. Men det er klart vi skal ha konsert på Fåvang også, seier ho.

Julekonsertane plar dei ha i Ringebu stavkyrkje, og dei har også hatt konsert på Tromsvang og Rudi gard.

– Fåvangkyrkja har plass til 110-120 personar. Det er ikkje så mange kanskje, men vi vil heller ha full kyrkje og mykje trøkk, seier dirigenten.

Mogleg ein kan vente seg tidleg vår, når eit skikkeleg gospeltrøkk bles søretter Losnaisen den 8. mars.

Elsa Harris: På piano og vokal kjem chicagomusikaren til Fåvang og konsert med Fri gospel. pressebilete Foto: Pressefoto
2016: På Rudi gard heldt Fri gospel og Rodane gospelkor konsert med gospelartisten Jason tyler. Foto: Guro Vollen/Arkiv