Dei to skientusiastane kan ikkje heilt timefeste kor mykje jobb som ligg bak den omfangsrike parken i Vekkom. Det starta med ein rail og eit par hopp. – Så har det berre utvikla seg og blitt meir og meir, seier Arman og Sverre.

Deler parken

Torsdag førre veke merka dei opp åtte hopp og mange rails, før dei tok imot om lag tjue andre «shredders» til å leike seg i snøen, og med konkurransar for dei som ville det.

– Kor mange timar har de brukt på å lage dette, de har flytta ganske mykje snø?

– Det er kanskje lettare å rekne i dagar? Vi kjem heim og startar og jobbe, og står litt på ski. Kanskje tjue dagar, anslår Arman.

– Og i år har det kome veldig mykje snø, legg Sverre til.

Dermed sto dei etter kvart der med ein park som egna seg veldig godt til denne typa skileik, og bestemte seg for å invitere fleire.

Får skryt: Sverre (t.v) og Arman framfor anlegget dei har bygd for hånd i vinter. – All honnør til desse to, eg kan ikkje stoppe å skryte av dei for eit slik initiativ, og for jobben bak, seier skikretsens freestyle-leiar Torger Fenstad, som håpar å sjå gutane med på andre renn også. Foto: Guro Vollen

– Vi har fått til så mykje, så da tenkte vi at det var sikkert fleire som kunne tenke seg å vera med, seier dei.

Med litt hjelp frå G-sport og Værfast i Ringebu fekk dei spredt invitasjonen, og Oppland Freeski tok på seg å vera arrangør.

Respekt

Dei snudde seg rundt og putta «Ringebu Backyard Jam» inn på terminlista til freeskicupen i vinter.

– Det står så respekt av det desse gutane har gjort, det er ein heilt vanvittig jobb på bygging, seier Torger Fenstad, som er leiar av freestylekomiteén i Oppland skikrets.

Han skryter hemningslaust av initiativet og arrangementet, som var akkurat passe nedpå og lågterskel. Sjøl i 20 minus.

– Ungane gjekk opp og ned, så det var vi foreldra som fraus, men det tåler vi, seier han.

Han likar veldig det nedpå arrangementet, med låg terskel.

Testhopp: Sverre dreg på over det høgste hoppet, etter å ha finpussa parken for nysnø, før Ringebu Backyard Jam skal i gang. Foto: Guro Vollen

– Her var det utøvarane som dømte kvarandre, og det er det også god læring i, seier Fenstad.

At det var både ski og snowboard i same konkurranse henger ikkje han seg opp i.

– Det viktigaste er at ungane er ute og har det gøy, vi legg oss ikkje opp i om dei har ei eller to ski, seier han.