Sju kyrkjer i Gudbrandsdalen samlar ungdom til leir

For sjuande gong arrangerer kyrkjene ei felles, aktiv ungdomssamling på Dombås.

Ungdomssamling: Kyrkjene i dalen ber ungdom inn til helgesamling på Dombås, med mange aktivitetar. Samlinga er gratis. - Ein artig hyttetur med verdifullt innhald, seier Ruset.   Foto: Privat

Nyheter

Det er kyrkjene i Nord-Fron, Sel, Dovre, Lesja, Vågå, Lom og Skjåk som er saman om dette ungdomsarrangementet. 10.-11. mars samlast dei på Trolltun på Dombås.

– Samlinga er primært for ungdom etter konfirmasjonsalder, frå 10.-klasse til og med vidaregåande. I Nord-Fron har vi i tillegg invitert dei av årets konfirmantar som har meldt seg på leiartrening, fortel menigheitspedagog Hildegunn Maria Haanes Ruset.


Sverre (15) og Arman (16) har flytta tonnevis med snø og laga skipark i hagen heime i Ringebu

Måkte seg til freeskiarrangement for hånd

Den snørike vinteren gjorde at det «balla på seg» for kompisane Sverre Storli Bjørnland og Arman Zanjani. Plutseleg var dei ein del av freeskitouren.

 

Fellesskap

På Trolltun skal ungdommane bu i hytte i botn av alpinbakken, så alt ligg perfekt til rette for alpint, skiturar og aking.

– Friluftsliv og moro er ein viktig del av samlinga. Så tek vi opp tema »På sporet», som handlar om å kome på sporet av både seg sjølv og Gud. Musikk og god mat er også viktig på denne samlinga, seier Ruset.

– Vi har eit stort fellesskap mellom vaksne, ungdomsleiarar og deltakarar, som skapar eit unikt rom for interessante samtaler og gode opplevingar, legg ho til.

USB-UngdomsSamling har Facebook-side, der ein kan finne meir info.