Tjuveri frå Svendsen kafé i natt

I løpet av natta har nokon forsynt seg av pengar i lokala der Svendsen kafé/Haverstad turbiler har lokale på Hundorp.

Måndag: Innehaver Stig Rune Haverstad vart bedt om å levere anmeldelse til politiet måndag.   Foto: Tone Sidsel Sanden/arkiv

Denne meldinga la Stig Rune Haverstad ut på facebook sundag. Klokka fire var den delt over 80 gonger.  Foto: Skjermdump frå facebook

Nyheter

Innehavar Stig Rune Haverstad skriv på facebook at tjuveriet har skjedd i løpet av natta.

Til Dølen seier Haverstad at han ikkje har heilt oversikta ennå, men at det i alle fall manglar 30-40 000 kroner, mykje i utanlandsk valuta. I tillegg skal det vera borte ein god del veksel til kafeen. Det er ikkje teikn til innbrot, i følge innehavaren.

Haverstad meldte frå om tjuveriet til politiet i halv eitt-tida, stadfester operasjonssentralen.

- Eg tykkjer det er tullete at dei ikkje har ressursar til det, men eg kjem jo til å levere melding til politiet på Vinstra i morgon, seier Haverstad sundag.

Operasjonssentralen seier politiet vurderte det slik at det ikkje ville vera spor å sikre på staden, sidan det ikkje var ein innbrotsåstad, og bad Haverstad melde tjuveriet til politiet på Vinstra måndag, som så vil etterforske vidare.