I følge tal Statistisk sentralbyrå la ut tysdag, auka avskytinga frå 483 felte elgar i Midtdalen i jaktåret 2015-16, og åtte fleire felte elgar året etter. Elgjakta dette jaktåret viser ei auke på heile 65 dyr. Totalt vart 556 elgar felt i Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron under årets elgjakt.

I heile Oppland vart 3 275 elgar felt under årets jakt. Også hjortejakta aukar, og i Oppland vart 957 hjort felt under årets jakt.

I følge statistikk frå jegerregisteret er talet på jegerar i Midtdalen ganske stabilt, med omkring 1050 jegerar med betalt jegeravgift. (Tal for i år ikkje tilgjengelege)