Konserten sundag var den førebels siste på ei stund, nå skal ho inn i skapemodus. Når vi får høyre og sjå resultata veit ho ikkje ennå.

– Det har eg ikkje dato. Det skjer litt i det stille, men plutseleg så kjem det, seier ho.

Marita Vestad, alias MaVe, er nemleg i gang med studioarbeid, skriv meir musikk og spelar inn video til fleire av låtane sine for tida.

Fyrste på døl

Dei frammøtte i biblioteket sundag, fekk nokre smakebitar. Mellom anna fekk dei høyre den fyrste låten MaVe har laga på norsk.

–Det er ein låt der halve teksta er på døl, og halve på engelsk, fortel ho.

Ho har prøvd på norsk før også, men utan å føle at ho har fått det til.

– Sjangeren min er liksom ikkje heilt kompatibel med norsk, men denne er eg nøgd med, sjølv om den ikkje er heilt ferdig, seier ho.

Pendlar heim

Når Dølen ringer måndag har ho sangelev. Sjølv om ho har flytta til Oslo for å vera nærare folk ho samarbeider med og eit større miljø for musikken sin, er ho framleis lærar ved kulturskulen i Ringebu. Pendlinga har berre snudd retning, nå pendlar ho frå Oslo til Ringebu, ikkje omvendt.

Lokal støtte

Det vart ein hyggeleg heimkomst til Ringebu sundag. Der venta nemleg sponsormidlar frå lokale næringsdrivande.

– Roger Melgårdshagen frå Altimast var på Tromsa Live og høyrde meg der, og sa han hadde lyst til å sponse musikken min, fortel ho.

Sponsormidla både frå denne og frå fleire lokale sponsorar, vil gå inn i produksjonen av den nye musikken.

Motorstopp

Konserten i Ringebu er ho veldig nøgd med. Særleg sidan starten på dagen kunne gått langt betre.

– Bilen min står på Hamar, og er død. Vi fekk motorstopp på veg heim til Ringebu og konsert, så det var ikkje akkurat den beste oppladinga, vedgår ho.

– Med tanke på tilhøva før på dagen, vart det ein bra konsert. Intim, og med veldig koseleg atmosfære, seier ho.

For fyrste gong fekk publikum høyre ei norsk tekst frå MaVe, i sangen Open Up the Sky/Puste Før e fer. Foto: Guro Vollen