Rett før påske fekk Sør-Fron kommune tilsagn om midlar til å styrke helsestasjonstilbodet, og torsdag kom ordførar Ole Tvete Muriteigen med kringle.

– Vi må sanneleg feire når vi kan, meinte han.

Han nytta høvet til å skryte av medarbeidarane som hadde halt i land midlar, basert på det han meinte var ein veldig god søknad.

Tverrfagleg samarbeid

Midlane skal i bruk så fort det er praktisk mogleg, for målet er at helsestasjon for unge skal vera klar til skulen startar att i haust. Ei utviding av helsestasjonskontroll for 2- åringar og 4-åringar blir også innført.

– Det er for å koma inn tidleg med innsats, og her blir samarbeid med barnehage og fysioterapeut viktig, seier Ingborg Braastad Hagen, som er fagkoordinator for helsestasjonen.

Helsestasjonen for ungdom skal byggast opp frå grunnen, og her seier Hagen at kommunen er veldig priviligert og heldige med ein lege som er ivrig på å vera med å bygge opp tilbodet.

– Vi gler oss til helsestasjon for ungdom, seier helsestasjonslege Benedickte Holager.

Ei helsesysterstilling vil også bli spissa mot dette tilbodet, som nå er lovpålagt for alle kommunar.

Styrking

Det er ennå ikkje klart heilt på detaljnivå korleis prosjektmidla skal brukast, men det ligg an til å styrke tenesta personalmessig med ei stilling i prosjektperioden.

– Det er nå arbeidet startar, og vi skal få på plass korleis det skal organiserast, seier Hagen.

Prosjektperioder går som kjent over, men ein meiner at med ein såpass spissa og detaljert søknad, er at rapporteringa som kjem i etterkant blir enklare.

–Dermed kan vi stå langt fram i køa også i neste omgang. Pengar nå er inngangsbilett når fleire midlar blir lyst ut, trur Anita Nord, tenesteleiar i familie og meistring.

– Og vidareføring for eit så viktig arbeid for barn og unge må vi i alle tilfelle få til på eit vis, avsluttar ordføraren.