Til alt hell sto eit tre, der bilen med Larisa og dottera vart slengt i grøfta, og hindra at dei vart med raset lenger nedover.

- I dag er eg berre glad for at det gjekk så bra, seier Larisa til Dølen måndag.

Her: Bilen stoppa mot eit tre, som hindra ferda vidare nedover. Foto: Guro Vollen

Til sjukehus for sjekk

Dottera Malene (11) er med faren på veg til sjukehuset og ein sjekk av armen for sikkerheits skuld. Dei to fekk ei skrekkoppleving, og måtte klatre ut av bilen via bakdøra, da sørperaset velta over vegen i går.

- Eg la merke til at det var veldig mykje vatn i grøfta, og rakk ikkje å tenkje på meir, før eg såg vassdropar på ruta og eit sekund etter vart vi kasta ut i grøfta av raset, skildrar Larisa.

Ho tykkjer det er litt ekkelt å vera attende dagen etter hendinga, men er veldig glad for at det gjek så bra, trass i alt.

- Dersom trea ikkje hadde stått der, ville vi truleg vorte skyssa ennå lenger ned med raset, trur ho.

Ved uthuset i hagen nedanfor ser ein at restane av raset når langt opp på veggen, og ein del av skjermen til bilen ligg att mellom trea.

Ras: Store mengder snø har vore i bevegelse Foto: Tor Larsen
Foto: Larisa Auglestad/privat

Vatn på avvegar

Årsaken til at snøsørperaset kom, ligg truleg i eit bekkefar fullt av is. Bjørkebekken litt lenger opp i vegen skal ha gått ut av faret sitt og til slutt vart all snøen på jordet metta av vatn og løsna. Det trur Aksel Seielstad, som saman med Pål Berg og Ole Kristian Gunstad stilte opp med gravemaskiner i går efta og langt utpå kvelden for å renske bekkefaret for is.

- Vi fekk vatnet på rett spor att, fortel Seielstad.

Vegen raset gjekk over er ein kommunal veg, medan det er fylkesveg lenger opp. Det har vore etterlyst grøfting både av dei kommunale vegane og av fylkesvegen i fleire omgangar.

- I fjor fekk eg også med meg ein kar frå vegvesenet på befaring. Han var samd i at det skulle vore grøfta, og at det skulle vore gjort før hausten. Det skjedde ikkje, seier Seielstad.

Han trur likevel ikkje det ville hatt så mykje å seie for sørperaset som kom sundag.

Foto: Tor Larsen