Alf Joten frå Vinstra kom som bil nummer to etter at raset hadde gått, og tok desse bileta. Han trur det kan koma meir.

- Det rende leirevatn i skråninga der, og fleire store jordklumpar låg klare oppover skråninga. Eg trur ikkje det er nok å berre rydde vegen, utan å gjera noko tiltak med resten oppi skråninga der, seier han til Dølen.

Hans Are Dahl ved vegtrafikksentralen seier entreprenør Stian Brenden er på veg for å rydde vegen og undersøkje skråninga og eventuelt gjera tiltak.

- Vegen er stengt på ubestemt tid, men det vil forhåpentlegvis ikkje ta lang tid, seier han.

Vegtrafikksentralen kan ikkje melde om omkjøring, sidan det berre er mogleg via kommunal veg. Det går likevel an går det an å køyre om Åsen, i følge Alf Joten.

Denne vegen var også omkøyringsveg under bygginga av Skåbutunnelen.

Det kan koma meir, meiner fotografen. Entreprenør er på veg for å rydde og undersøkje. Foto: Alf Joten