I alle fall er det ein viktig jobb dei gjer, Eline og Julie. Det er dei miljøbevisste jentene einige om.

– Da snøen smelta såg vi at det låg mykje søppel i grøftene da vi gjekk til skulen. Så begynte vi å samle i poser, fortel dei.

Huff, da, tenkte dei, da all søppla vart synleg. Dei tenkjer på dyra som kan få i seg ting som er kasta, og så er det slettes ikkje noko pent å sjå på heller.

– Det er dårleg gjort å kaste frå seg slik i naturen. Vi må tenkje på neste generasjon, seier Eline reflektert.

Søstrene har alltid vore opptekne av miljøet, fortel mor Bodil Ruststuen. - Vi pratar om det heime, seier Julie og Eline. Foto: Tone Sidsel Sanden

Nasjonal dugnad

11-åringen og søstra Julie på ti, var forresten i USA i fjor. Der såg dei kor strenge reglar det er for å forsøple naturen rundt seg.

– Over alt sto det skilt med forbod mot å kaste søppel. Der kan ein få mellom 7000 og 8000 i bot, fortel Julie. Kanskje burde det vore det her i Norge også, undrer dei.

Jentene fortel at fleire av vennene deira også er flinke til å samle søppel.

– Det er bra at mange er med og rydder. Da blir det fint til 17. mai, slår dei fast.

Hold Norge rent er arrangør av den nasjonale Strandryddedagen 5. mai. Alle tre midtdalskommunene; Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu oppforar alle lag og foreiningar til å delta på denne dagen, der ein kan ta på seg å rydde i strandsonen.

Midt-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap er klar til å ta i mot avfalls om blir samla inn knytt til denne nasjonale miljødugnaden, opplyser Nord-Fron kommune på sine heimesider.