Peer Gynt-stemnet 2018

Stortstilt jubileumsfeiring på Høgjellskonserten - og Peer Gynt blir dame og Solveig blir mann!

I årets konsert på Kvamsfjellet under Peer Gynt-stemnet jubilerast det for Grieg og for Forsvarets stabsmusikkorps.

I fjor spilte Operaorkesteret på scenen ved Rondablikk på Kvamsfjellet.   Foto: Tor Larsen

Nyheter

Og kanskje den aller mest spennande vrien i år, er at det er snudd om på rollene i stykket Peer Gynt, når eit sterkt felt av skodespelarar entrer scenen på Kvamsfjellet.

- Vi har snudd på rollene i årets konsert, fortel kunstnerisk leiar for årets Peer Gynt-stemne, Iren Reppen.


Et vakkert skue

Høyfjellskonserten ved Rondane ble et vakkert skue for øynene og en nytelse for øret.

 

- Spennande

Ingjerd Egeberg skal spele Peer Gynt, medan Ingar Helge Gimle og solist Marius Roth Christiansen spelar mor Åse og Solveig.


 

- Eg er så glad for at eg har fått æra av å gje meg ut på Peer Gynt sin skikkelse, og eg må seie at han er faretruande lik meg, innrømmer Ingjerd Egeberg.

- Det blir spennande at vi snur på rollene, og ser om Peer Gynt like gjerne kunne vore ei kvinne, legg ho til.

Ingar Helge Gimle (f.v.) skal spele Mor Åse, Dovregubben og Knappestøperen, Ingjerd Egeberg spelar Peer Gynt, Andreas Hansson dirigerer Forsvarets Stabsmusikkorps, medan solist Marius Roth Christensen spelar Solveig.   Foto: Rune Kongsro

 

Midt i Rondane skal Griegs klassiske Peer Gynt-musikk framførast av Forsvarets stabsmusikkorps, saman med utdrag av Ibsens sterke tekst.

Her kombinerast dei kjende orda til Ibsen og den kjente musikken til Grieg.

- Det er nok alle dirigenter sin draum å gjere Griegs Peer Gynt-musikk saman med skodespelarar, seier dirigent Andreas Hansson. 

Som ein del av Peer Gynt-stemnet skal han leie Forsvarets stabsmusikkorps til nok ei urpremiere på Kvamsfjellet.

Forsvarets Stabsmusikkorps er med sine 39 faste tilsette musikarar Norges største profesjonelle blåseorkester.   Foto: Forsvarets Stabsmusikkorps

Hele teamet skiftes ut i 2019:

Dette blir siste året med far og sønn Oftebro på Gålå-scenen

Også regissør Sigrid Strøm Reibo og hele teamet rundt, skiftes ut.

 

- Stor publikumssuksess

Publikummarar som gjesta høgfjellskonserten i 2017 fekk også oppleve Ibsen si tekst og Griegs klassiske Peer Gynt musikk på fjellet.

- Det vart ein stor publikumssuksess, seier administrerende direktør Marit Lien.

- Vi fann ein draumeformel ved å kombinere opprinninga både frå teksta og musikken. Det videreførar vi i år, men ein ny vri. Eg er sikker på at det blir ein ny suksess, avslutter Lien.

Rundt 2000 besøkande jem kvart år til Kvamsfjellet, og det er slik ein av dei Norges viktigaste klassiske utandørs konsertar gjennom sommaren.

Årets konsert på høgfjellsscena blir søndag 12. august.