– Kven vil fylle rolla som faneberar for oss?

Hundorp musikklag søkjer nokon med god rygg, godt humør, gode sko og som likar korpsmusikk.

Fane: Hundorp musikklag søkjer nokon til å bera fana når laget er ute i musikkens teneste. Godt humør og gode sko, i tillegg til å like korpsmusikk, er kriterium den rette personen fyller.   Foto: Hundorp musikklag

Nyheter

Marthe Norbye Dybos er leiar i laget, og listar ovanfor opp dei viktigaste kriteria for deira nye nøkkelperson; faneberaren.

– Vi deltek også på korpstreff og stemne, som ikkje er i mai og juni. Sjøl om vi ikkje skal marsjere, er det veldig hyggeleg om den framtidige faneberaren blir med oss, seier ho.

Fyrste moglegheit for å vera med blir 26. mai, da skal musikklaget til Lillehammer og vera med på markeringa av Norges Musikkorps sitt 100 års jubileum.

– Og 6. juni spelar vi på Lions sin marknad på Hundorp. Ellers skal vi før sommaren ha «vårkonsert», 17. juni i Lidarende. Til høsten blir det mellom anna korpstreff i Lillehammer-området, ramsar Dybos opp.

Neste år fyller dessutan Hundorp Musikklag 120 år, noko som leiaren lovar vil bli markert på mange måtar. Dersom nokon føler seg kalla til oppdraget, kan dei ta kontakt med musikklaget på facebook, eller direkte til leiar Marthe Norbye Dybos.


Inviterte folk inn i feiringa

De er et tydelig vårtegn og høres gjerne på lag avstand. Lørdag fikk publikum vurdere russebilene på Vinstra.


I høve leitinga etter faneberar er det til og med skrive eit eige dikt om laget og om faneberaren, forfatta av Ove Hamilton:

Hundorp Musikklag - populære som få

med FANEBÆRER først er det lett å gå.

Mens korpset spiller og marsjerer i takt

Går du med FANEN hevet i pomp og prakt.


Vi søker en som er med oss på tur

En FANEBÆRER foran som ikke er sur.

I mai og juni er vi ute og spiller.

Da brommer bassen, mens fløytene triller.


I mai jubler folk mens korpset skinner,

En FANEBÆRER foran er en sikker vinner.

Vi håper du går foran når vi skal ut på ferden

Vi skal muntre mange, nesten «hele verden»!