Skulen har nemleg fått midlar gjennom EU til å vere med i utvekslingsprogrammet Erasmus+, der ungdom deltek i internasjonal utveksling.

Andre sine levereglar

I haust reiste 15 elever til Tyskland, der dei besøkte ein skule i nærleiken av Hamburg. Dette vart lærerike dagar for elevane.

– 3. klasseelevane hadde førebudd ein presentasjon av Nord-Fron og Vinstra som vi synte fram. Elles budde vi hos ein vertsfamilie og var med dei tyske vennene våre på fritida, fortel Oda Nyhus Aanekre.

– Vi prata mykje engelsk og var med på guida turar. Ein lærer å innrette seg etter andre sine levereglar og andre sin måte å ha det på, på ein slik tur, legg Mari Rannstad til. Grunnen til at kommunikasjonen gjekk på engelsk, var at også ein skule frå Spania var med på turen.

Ut i verda: F.v.: Lærar Eli Krokmoen, Oda Nyhus Aanekre, Elise Teige, Mari Rannstad, Vanja Jonhaugen, Marte Haugen og lærar Rosemarie Pagel.

Anna standard

Elevane gjer seg mange tankar etter ein slik utvekslingstur. Det handlar ikkje berre om å lære seg språk og fakta. Like mykje om korleis ungdom i andre land har det.

– På ein måte følte eg at dei låg litt bak oss i Tyskland. Ingen jenter brukte sminke, og klea var litt gamledagse. Dei brukte Snapchat, men langt i frå så mykje som vi er vant til. Og så var husa annleis; ikkje slik standard som vi har, fortel Elise Teige.

– Dei var flinke til å spare på lyset! Det har eg vorte meir bevisst på etter at eg kom heim att, seier Aanekre.

Ung: Også Ung i Midtdalen har fleire Erasmus+-prosjekt. For tida er Emanuele Ivaldi frå Italia og Blandine Dunesme frå Frankrike på Vinstra.

Fleire utvekslingsprosjekt

Også Ung i Midtdalen har fleire Erasmus+-prosjekt gåande.

– Vi har to frivillige ungdomsarbeidarar frå Italia og Frankrike gjennom prosjektet «European voluntary service», seier leiar for Ung i Midtalen, Mari Grasbakken.

– I tillegg til å arbeide med ungdom, deltek dei på Voksenopplæringa for å lære norsk, og dei har vore med på aktivitetar saman med flyktningtenesta, fortel ho vidare. Den franske volonøren deltek også i franskklassa ved Vinstra vidaregåande skule (VVS), slik at elevane får praktisert fransk. Ho er også involvert i planlegging av Multikulti i Ringebu.

– Vi har fått godkjent to søknadar der Ung i Midtdalen får vere med i nytt prosjekt til hausten. I sommar skal vi også vere vertskap for ti ungdommar frå Italia og ti ungdommar frå Portugal, seier Grasbakken.

Ung i Midtdalen er godkjent sendeorganisasjon for ungdom frå Midtdalen som ønskjer å søke seg ut som frivillig til Europeiske land.

Skapar kontaktar

Etter at dei kom heim att frå Tyskland, har elevane ved VVS gjort etterarbeid, og ein eigen Erasmus+-vegg er på trappene. Under utvekslinga jobbar elevane også med tema som mobbing på nett, kildekritikk og «fake news.» I vinter kjem det elevar frå Tyskland og Spania til Vinstra, og elevar frå Vinstra reiser til Spania.

– Det er fint at vi får anledning til å skape kontaktar rundt om i verda. Mange av dei vi blir kjend med, kan det hende vi kjem til å ha kontakt med vidare også, seier Teige.