Romanen, der handlinga er lagt til ei «ny» bygd i Gudbrandsdalen, kjem til hausten, stadfester forlaget.

For dei av lesarane som har tørsta etter ein oppfølgar av Svøm med dem som drukner; de må vente litt til.

Det er ei heilt ny og anna historie Mytting leverer i haust, og allereie før ho er lansert her heime, er boka seld til fem andre land, fortel informasjonskonsulent i Gyldendal, Julie Kalager.

I innspurten

Nok ein gong er handlinga lagt til ein fiktiv Gudbrandsdal, denne gongen i ei bygd som har fått namnet Butangen.

I følge Kalager, har Mytting brukt veldig mykje tid på research i historiske hendingar frå Gudbrandsdalen i arbeidet med den kommande romanen.

– Handlinga er ikkje i nåtid, men går noko bak i tid, seier Kalager.

Lars Mytting er travelt oppteke i innspurten av boka når vi ringer, og lovar å ta ein prat med Dølen litt nærare lansering.

Lars Mytting kjem med ny roman i haust, og legg nok ein gong handlinga til eit fiktivt bygdesamfunn i Gudbrandsdalen. Foto: Julie Pike/gyldendal norsk forlag