Lam til topps

Annis pølsemakeri Mathallen og Annis pølsemakeri i Ringebu kunne ta heim to medaljer etter NM i kjøttprodukter

Feiring: - Hurra! Vi ble en av medaljevinnerne under årets NM i kjøttprodukter, skriv Anni Byskov på facebook etter gull og sølv i NM torsdag.  Foto: Privat

Nyheter

Annis pølsemakeri vart ein av medaljevinnarane under årets NM i kjøttprodukter torsdag denne veka.

- Dommarane likte godt vår utbeina lammesadel Dry Aged med pesto, og gav oss gull for den, seier bedrifta i ein facebookpost.

Gullmedalja kom i klassa grill - lam, og i tillegg vanka det også sølvmedalje i klassa snadderpølse, røkt.

- Vi fekk også sølv for vår frankfurter, seier ho. 

I 1983 inviterte kjøttbransja i Norge for fyrste gong til fagkonkurranse. Opplysningskontor, leverandørar og øvrig fagmiljø bidreg til gjennomføringa. I 1994 vart den fyrste norgesmeistaren kåra. For bedriftene er NM en effektiv arena for testing av eigne produkt. NM i kjøttprodukter er ope for alle bedrifter, og blir arrangert av KLF (Kjøtt- og fjørfebransjen) Servicekontor AS.