Melding om håndgemeng, amper stemning  og krangling kom inn til politiet frå ein sivil person klokka kvart over ni fredag. To bilar frå Midt-Gudbrandsdal lensmannskontor rykte ut, og situasjonen roa seg medan dei var på staden.

Det skal i følge politiet ha vore fire personar involvert. Politiet har ikkje alderen på dei involverte, som alle var menn.

- Kuttskadene til jenta var ikkje dramatiske, og skal koma av glasskår, etter at ein av dei involverte har kasta ein kopp, seier Pål Andersen, operasjonsleiar ved operasjonssentralen på Hamar.

Ingen av dei involverte ønskjer å anmelde saken, og dei fire involverte vart bortvist. Politiet har ikkje kjennskap til bakgrunnen for uoverenstemmelsen.