Internasjonalisering og utveksling har vore ein del av Ung i Midtdalen sidan 2012, og er noko av det leiaren for Ung i Midtdalen (UiM) brenn for.

Europeisk utveksling

– Ungdommane i dag har ei global kontaktflate, og det er bra dei vil ut, seier Mari Grasbakken.

Samstundes ser ho at ungdommane uttrykkjer eit ønskje om å koma heim ein gong.

Førre fredag vart søknad om støtte til ei returutveksling her i Midtdalen innvilga. Ei veke med gjester, der tema er klima.

– Ungdommane bur saman heile veka, og lagar film, som kan synast til dømes til politikarar eller andre ungdommar når dei kjem heim, seier ho.

Tidlegare har ei gruppe frå Midtdalen vore på Erasmus+-utveksling til Portugal og Italia.

– Internasjonalisering er viktig framover, særleg kulturkompetanse og å prøve seg på andre språk, seier Mari.

Statement: Statement Midtdalen starta i 2016, og er eit av tre arrangement Ung i Midtdalen er medarrangør til gjennom året, ellers har dei støtte fra sanitetslag, KoRus Øst, Lions, u-råda og Ungdommens Fylkesting. Foto: Guro Vollen/arkiv

Prosjektet som levde vidare

Mari Grasbakken er midtdøl sjølv, oppvaksen på Kjønnås.

Nå bur ho i Tollmoen med mann og to hundar. Å gå tur i skogen eller å berre sjå seriar på tv er avkopling.

Ofte er det jobb på eftastid eller kveld også, sidan ungdommane er opptekne med skule på dagtid.

– Eg er kjempeheldig, frå å bestille popcornmaskin til å skrive EU-søknader og å jobbe med ungdom gjennom ungdomsråd og andre arenaer, seier ho.

I 11 år har ho hatt jobben som leiar i UiM. I starten eit prosjekt, knytt opp mot kulturarrangement og den vidaregåande skulen på Vinstra.

Prosjektet slapp å havne i ein skuff som rapport. Det lever vidare i faste budsjettpostar, tilslutta frå alle tre midtdalskommunar i eit interkommunalt samarbeid. For arvesølvet til samtlege kommunar er ungdommane, og håpet om å behalde dei i regionen.

– Og ungdommane våre er som andre stader opptekne av dei store spørsmåla, innvandring, klima, utdanning, psykisk helse. Slik som er likt over alt, eller som dei ønskjer skal bli meir likt, seier ho.

Arbeidet i UiM er ikkje lovpålagt. Heller ikkje det til kollegene i ungdomshuset på Ringebu eller klubben på Vinstra.

– Men det er ei overordna politisk forståing for å ha gode tilbod ut over idrett og anna organisert aktivitet, meiner ho.

Kontor: Det blir ein del timar med søknader, rapportar, rekneskapsarbeid. Men jobben er ikkje ni til fire; møte med ungdommane er oftast på kveldstid, det må vera på dei unges premissar. Foto: Guro Vollen

Flinke og pålitelege

Snart er det Statement Midtdalen. Datoen 16. mai har synt seg å vera ein dag mange unge debuterer med alkohol, og dette er eit arrangement som skal vera med på å motvirke dette. I år er tredje og siste gongen i prosjektperioda dei fekk midlar til, ho har håp om at det får fortsetja.

– Ingenting, eller for det meste ingenting, av det vi driv med er målbart. Kanskje vil UngData-undersøkingane om nokre år vise at dette ikkje lenger er ein debut-dato, seier ho.

Kåja Camp og UKM er andre arrangement der UiM bidreg fast kvart år.

– Eg jobbar med unge arrangørar, og det gjeld å ha is i magen, for det må vera lov å feile, seier ho.

Ho meiner ein må finne balansegangen mellom å la ting gå i grøfta og ha is i magen.

– Dei er ekstremt flinke og pålitelege, og ein må tenkje seg om før ein blir oppgitt, når dei ein sjeldan gong bryt det mønsteret, seier ho.

Ungdommane i dag stiller høge krav til seg sjølv, opplever ho, kanskje for høge.

– Ungdomstida er jo samansett, samstundes har du livet og verda framfor deg og alle moglegheiter opne, slik bør det vera, seier ho.

Pragmatisk: Mari studerer EU-prosjektleiing, for å lære meir om program som kan koma ungdom i Midtdalen til gode. Diplomaten i ho kallar systemet forhaldsvis byråkratisk. Foto: Guro Vollen
Det synlege beviset på Maris godt utvikla arrangementsevner. Som tiåring organiserte ho skirenn på Kjønås, der ho til og med gjekk opp løypene sjøl. – Eg strevde hardt med trikkeskinneprofilen, fortel ho. Foto: Privat