Balansekunstnar Eskil Rønningsbakken er nemleg booka inn til det tredje «statement Midtdalen»-arrangementet.

– Han skal ha ei oppvisning, og i tillegg vil det bli workshop der deltakarane får prøvd seg, seier Anne Tromsnes, som er med på arrangørsida.

Værsikkert

I tillegg blir det ei rekkje andre aktiviteter, og for dei som tenkjer på vær og utrustning; det skjer under tak.

– Dette er eit lågterskeltilbod og ein kveld fylt med aktivitetar utanom det vanlege, seier Tromsnes.

Under årets Statement vil ein mellom anna kunne prøve hai-rodeo, surfesimulator, bungee-trampoline, uv-party. Ingen veit på førehand kvar arrangementet skal gå føre seg, bussar er sett opp til stad X.

Statement1: Malin Myromslien frå Kvam og Marthe Rundtom Bøe frå Vinstra får hjelp av Ragnar Løsnesløkken med innfesting i zorb-ball. Dei var to av om lag 110 deltakarar til fyrste Statement Midtdalen i 2016. arkiv

Usendingar utanfrå

Målet er å samle omkring 200 ungdommar i år, og så får Statement også besøk frå Gausdal i år.

Gausdal ungdomsråd tok kontakt i vinter, og lurte på om dei kunne delta, for å lære om arrangementet.

– Vi tykte det var veldig artig at vi hadde nådd ut over dei kommunane vi har hatt fokus på, så i år kjem Gausdal ungdomsråd med cirka 50 deltakarar, seier Tromsnes.

Prosjektslutt

Det er altså tredje gongen at Ung i Midtdalen (UiM) og ungdomsråda i Midtdalen arrangerer eit alternativ for ungdom 16. mai.

– Vi veit at den 16. mai ofte er ein dag mange unge debuterer med alkohol, og derfor har det vore viktig å lage eit godt rusfritt alternativ for ungdom, seier Mari Grasbakken, som er leiar i UIM.

Ho fortel at statement har vore prosjektfinansiert, men det er håp om å få til arrangement etter at treårsperioda er over også.

Håpar på fast post

Prosjektet har vore finansiert med litt midlar frå UiM sitt budsjett, ellers med støtte fra sanitetslag, KoRus Øst, Lions, ungdomsråda i Midtdalen og ungdommens fylkesting for gjennomføring desse tre åra.

– Håpet er at vi kan Statement som ein fast post etter prosjektperioden, seier Mari Grasbakken.