Og det var ei stolt vennegruppe som kunne opne dørene laurdag føremiddag. For bak opninga, står det ein stor porsjon med lokal entusiasme og ikkje minst utallige dugandstimar.

- Eg vil tippe av vi ligg på rundt 1000 timar i år. I fjor hadde vi minst like mykje, fortel Lars Tungen, som også tek seg av ein del administrasjon.

Sjeldne gjenstandar

I vennegruppa er det samlarar, og det er dei som er mest opptekne av historia. I den nye utstillinga som nå er sett opp, er det dei norske soldatane som har fått merksemd.

- Mørebataljonen har fått ei eiga avdeling. Den har vi bygd opp for å hedre dei norske soldatane, fortel Jon Inge Nordlien.

- Desse soldatane var involvert i fleire oppdrag, og hadde tidvis ansvaret for heile strekninga Fåvang til Lesja. Her er det gjenstandar som er sjeldne, og som private samlarar låner ut til utstilling, legg han til.

Forde Kamp er ein av dei ivrige samlarane som har sine objekt utstilt. - Eg synes alt som er utstilt her er unikt, seier den ivrige samlaren. Foto: Tone Sidsel Sanden

Ivrig samlar

I utstillinga kan ein mellom anna finne ein sekk med nummer på og namnet Rogne.

- Det hadde vore morosamt og fått spora opp kven som var eigar av sekken, seier Nordlien, for det finst liste over alle befalane under krigen, men ikkje alle soldatane.

Inne i avdelinga står også bombekastaren som vart brukt i kampane nord for Vinstra i aprildagane i 1940. Denne vart teke vare på og plassert på eit stabbur i Einlia på Vinstra, før samlar Frode Kamp fekk tak i den.

- Eg har vore ivrig samlar i 30 år. Eg har handla for ganske mange tusen til saman, seier Kamp, som har mange av sine objekt plassert i utstillinga.

- Det er mykje betre at dei står utstilt her, enn at dei ligg nedpakka heime hos meg, slår han fast.

Fleire planar

Ein av dei mest verdfulle er ein kanon som vart brukt til å stoppe den tyske tanksen i Kvam. Kamp tippar den er verdt runt 100 000 kroner, etter som har har restaurert og lakka den opp att.

Med oppgardering og ny utstillling, håper vennegruppa at krigsminnesamlinga skal bli enda meir besøkt. Etter at det var labert med folk innom over fleire år, fekk dei ein oppsving i fjor, med over 40 prosent auke i besøkande.

- Det er vi fornøgde med, i ei tid da E6 også vart fløtt. Det er jo litt derfor vi legg så mykje arbeid i dette også, at vi ønskjer at Kvam skal trekke åt seg fleire folk, seier Nordlien.

Utstillinga vart opna i 1995. I 1998 var heile 4000 innom på museet.

- Vi har også andre planar, så det står att ein del arbeid, seier Nordlien.

For ønskje er å gje besøkande eit betre innblikk i historia til det som står utstilt, og til personane tinga har tilhøyrd.

- Vi håpar å få på plass fleire diitale stasjonar der besøkande kan sveipe seg igjennom historiene som skjuler seg bak det som står utstilt. Vi vil få fram dei personlege historiene, da blir det heile meir ekte, seier Tungen.

Fleire tok turen innom for å ta ein kikk på årets utstilling. Jon Inge Nordlien (t.v.) håpar at besøkstala vil fortsette å auke også i år. Foto: Tone Sidsel Sanden

Saknar større plass

Vennegruppa er einige om at det er ei unik utstilling ein kan finne i Kvam. Her er det ikkje ein eller fleire gjenstandar som har meir verdi enn andre. Tungen fortel at ein britisk familie frå Leeds plutseleg kom innom da gruppa hadde dugnad.

- Det var ein bestefar som kom, saman med ungane sine. Faren hans fall under krigen her i Kvam. Da var denne bestefaren berre to år. Det var spesielt, fortel han.

Gruppa har fått støtte til opprustinga av utstillinga fra lokalt nærinsgliv, i tillegg til Sykkylven kommune, Ålsesund kommune, Sel kommune og Nord-Fron kommune.

- Vi skulle gjerne hatt meir plass. Mellom anna kunne vi tenkt oss å lage eit auditorium der vi kunne hatt foredrag og synt filmar, seier Nordlien, som legg til at heile 9. klasse ved Vinstra ungdomsskule tek turen til samlinga i løpet av juni.

Krigsminnesamlinga er besøkssenter under Gudbrandsdalsmusea AS, og 1. juni opnar dei samlinga for publikum.