Tilbydaren som fekk oppdraget med feiing av kommunale vegar og plassar, Svend brøyting og klipping, heldt framleis på med soping da Dølen fekk tak i innehavaren Svend Myrbakken midt på dagen 16. mai.

– Vi blir ferdige, seier han.

– Så det blir kanskje nattarbeid på deg?

– Ja, men det må nok folk tåle, i morgon skal vi alle kose oss med 17. mai, seier han.

Han og ein person til er på jobb dagen før 17. mai.

Høgare krav

Myrbakken vedgår til Dølen at det nok var krav i kontrakta som var høgare enn forventa, mellom anna til støv.

– Det har vore nesten umogleg å unngå støv nå det er så tørt, vi har vatn på sjølve sopemaskina, men det er ved tømming og slik at det blir ein del, seier han. Han legg til at det også har gått med mykje tid til henting av vatn.

– Har de hatt feil utstyr til jobben?

– Nå har jo kommunen godkjent utstyret vi brukar, og om vi skulle fått til heilt støvfritt måtte vi hatt lastebil. Men det handlar stort sett om ti minutt samstundes langs ein veg, som eingongstilfelle. Eg tenkjer folk kan tenkje på det, og vi gjørs jo ikkje på, seier han.

– Vart prosjektet for stort?

– Eg rekna jo på det, men så er eg jo ikkje lokal, og i tillegg har krava vore noko strengare enn eg er vand med heime, seier han.

Lokalkjent fordel

Han seier det nok hadde vore ein fordel å vera lokalkjent.

I tillegg til oppdrag i Nord-Fron har Svend brøyting og klipping, som er eit personleg føretak, hatt oppdrag heime i Hamar med tidsfrist på.

– Eg har jo fastpris på dette, så eg vil jo bruke minst mogleg tid, samstundes som kommunen vil ha mest mogleg att for pengane, seier han.

Fastprisen er i følge kontrakta Dølen har fått tilsendt på 130 900 kroner.

Erik Kværnes i Nord-Fron kommune har hatt oppfølginga med entreprenør, og seier dei har hatt jamnleg oppfølging.

– Det har jo vore ein del klager inn, mellom anna til servicetorget, seier han.

Kværnes seier dei avventar ferdigstilling, og skal ettergå arbeidet i etterkant. Kommunen vil da vurdere om det er grunnlag reklamasjon.

Myrbakken ønskjer ikkje å kommentere eventuell reklamasjon frå kommunen.

I kontraktsperioda frå medio april til 16. mai kom det inn mange klager, mellom anna på utstyr brukt, manglande vatning og støvplage og manglande feiing i det heile. Saka kom heilt til kommunestyrets spørjetime, og blir føld opp også etter 17. mai. Foto: Tor Larsen