Det var da aksjeselskapet bak flyplassen, Frya flyplass AS, vart oppløyst, at avtaleforhald, eigedelar og gjeld i selskapet formelt vart overteke av Frya renseanlegg. Renseanlegget er eit interkommunalt samarbeid mellom fronskommunane og Ringebu.

Til Frya næringspark

Og i praksis har ikkje drifta av flyplassen vore lagt til renseanlegget. Ein synergieffekt, som det så fint heiter, har derfor vore eit stykke unna. Nå skal formalitetane som gjeld flyplassen skifte hender, og kjem over på Frya næringspark. Dette vart vedteke i representantskapsmøte for interkommunale ordningar, onsdag.

– Vi har jo i praksis ikkje hatt noko med drifta der å gjera, men på papiret har vi hatt driftsansvaret, seier Åge Øverjordet, fungerande driftsleiar ved Frya renseanlegg.

Frya Industriselskap (nå Frya næringspark) vedtok å legge ned flyplassen, slik at leigeavtala for flystripa og eit lite tilleggsareal blei oppsagt frå 31. desember 2010. Leigetakar har fått tilbod om å forlenge leigeavtala med eitt år om gongen, inntil det blir aktuelt å ta flystripa og sikringsareala i bruk som industriareal.

Det er førebels ikkje inngått ny avtale med Gudbrandsdal flyklubb. Drifta har halde fram som før i regi av den private flyklubben, går det fram av saksdokumenta til representantskap for interkommunale ordningar, som hadde møte i Sør-Fron onsdag.

Frå 1. juni blir det formelle ansvaret for flyplassen og avtaler omkring denne overteke av Frya næringspark.

Vedtok auka kostnadsramme

Representantskapet for interkommunale ordningar i Midtdalen gjorde onsdag også vedtak om å tilrå kommunane å godta ei auka kostnadramme til utbygginga av 3. trinn på Frya renseanlegg. Utbygginga, som truleg vil bli kontraktsfesta før sommaren, vedteke i representantskap og kommunar i 2015, og lagt ut på Doffin til ei kostnadsramme på 32 millionar kroner i fjor vår. Det einaste tilbodet som kom inn var langt høgre, og Sør-Fron kommune engasjerte Norconsult på Lillehammer til å evaluere tilbudet, og gje kommentarar om eventuelle moglege kostnadsinnsparingar. Sør-Fron kommune kalla inn tilbodsgjevar Krüger Kaldnes til forhandlingsmøte den 30. november 2017, og ein greide å koma fram til rimelegare løysingar.

Krüger Kaldnes leverte til slutt revidert tilbod i vår, på om lag 35 millionar kroner. Medrekna ein usikkerheitsfaktor på 15 prosent, blir ny ramme rekna til 40,5 millionar kroner.