Sju kommunar i Gudbrandsdalen har fått pengar av Oppland fylkes trafikksikkerhetsutvalg til ulike trafikksikkerhetstiltak rettet mot barn og skuleelevar i 2018. Tilskota går til å sikre trafikkmiljø eller atferd for dei yngste trafikantene.

I Midtdalen  får Ringebu kommune får 360.000 kroner til gatelys i Høystadvegen i Ringebu.

Dei får også 53.000 kroner til trafikksikkerhetsopplæring for innvandrere, eit tiltak læringssenteret tidlegare i år fekk utvalets trafikksikkerheitspris for.

Nord-Fron får 500.000 kroner til fortau langs Sundheimsvegen, som er skuleveg til Barhaug skule.

Sør-Fron får 150.000 kroner til gatelys langs Klokkarstranda, skuleveg i Harpefoss skulekrins.

Oppland fylkes trafikksikkerheitsutval har representantar frå Statens vegvesen, Oppland fylkeskommune, politiet, Fylkesmannen i Oppland, KS og Trygg trafikk.