Kulturskulens lagsport, kallar ho det.

– Fellesskapet omkring musikken kan med fordel samanliknast med lagånda frå fotball og håndball, og gjev den same kjensla av å få til noko saman, meiner Tina Lie.

Attende til sangen

Lie kjem inn att i kulturskulen i haust, etter jobb som kulturkonsulent i kommunen dei siste tre åra.

Kulturskulerektor Erik Wang er glad for å få Tina Lie attende som songlærar.

– Marita Vestad har gjort ein veldig bra jobb, men nå er ho i gang med nye spennande prosjekt for eigen del, og det passa veldig bra å få Tina attende, seier Wang.

Bli med og prøv

Og Lie har ambisjonar om å dra på litt, når det gjeld korsatsinga.

– Eg har veldig lyst til at det skal bli kor på ein litt anna måte, sjøl om songteknikk og stemmeplassering og dei songteknisk faglege bitane også skal vera med. Om du trur du har litt lyst til å synge i kor, har vi sagt at det kan du få lov til å teste med å vera med eit par tre gonger, utan at du må melde deg på for heile semesteret, seier ho.

Kor med meir

Involvering av teatergruppe og kunstgruppe i kulturskulen er i tankane, eit skråblikk til musikal, kanskje framsyning saman med band - ideane er mange, men Tina ønskjer å la ungdommane som blir med, få lov til å vera med å forme kva dei skal halde på med.

– Det som står litt fast allereie nå, er at vi skal jobbe med eitt prosjekt om gongen, fram mot ei framsyning. Det er alltid godt å ha eit mål å jobbe mot, seier ho.

– Og sjølv om påmeldingsfristen til kulturskulen er 1. juni, obs, obs, har vi sett ein litt lengre frist for å melde seg å kor, sidan det kjem inn på planen så pass seint, seier Erik.

Plass til alle

Og sjølvsagt vil dei ha med både gutar og jenter. Dette blir eit kor for ungdommar på tvers av spekteret i både alder og kjønn. Det einaste kriteriet er at ein vil synge.

Og Tina ser for seg at ho skal arrangere noko for koret sjølv, finne materiale i det som ungdommane sjølve høyrer på.

– Koret kjem til å bli noko dei ikkje får nokon annan stad, sprudlar Tina Lie.

– Det blir eit anna tilbod enn det vi har i kulturskulen ellers, seier Erik Wang.

Også ein til ein

Tina Lie skal halde fram som songlærar med enkeltelevar også.

– Eg skal halde fram med nye og gamle songelevar også, og det går framleis an å berre vera songelev, om ein ikkje ønskjer å synge i kor, seier ho. forsikrar ho.

Og for båe delar gjeld ein ting, at ein skal gå ut frå timen med ei god kjensle og gjerne eit smil omkring munnen.

– Eg gler meg til å få den energien i møte med elevane, og til å gje.

Det er jo ikkje er så skummelt å synge saman med andre, i følge Tina.

– Dessutan er trening like viktig i musikk og song, som i sport, seier Tina.