Forbodet gjeld alle tre kommunar i Midtdalen, og gjeld også all open brenning av kvist, halm og anna virke i landbruket og hjå private.

Det er ekstrem skogbrannfare, og dermed legg MGB nå ned totalforbod mot å gjera opp eld eller gjennomføre andre former for open brenning.

- Andre former for aktivitetar som indirekte kan føre til antenning, slik som kantslått og motorisert ferdsle i landbruket, kan inntil vidare gjennomførast dersom det er gjennomført gkogbrannforebyggjande tiltak, heiter det i pressemeldinga frå Midt-Gudbrandsdal brannvesen ved vakthavande brannsjef Tor Engum.

Forbodet har verknad med det same og fram til og med 8. juni klokka 12.00. Dersom situasjonen ikkje har betra seg, vil det bli gjeve ny melding.