Pernille har namnet sitt etter bestemor, som også døydde året før ho vart fødd, men ho har også hatt ein del kallenamn opp gjennom åra. Sitt første fekk ho i barndommen.

– Det var ei venninne som ikkje klarte å seie namnet mitt da vi var små, så ho kalla meg Polilla. Det bruker både ho og familien hennar enda. Elles har dei fleste kalla meg Pørni, fortel ho.

- Pernille kan bety "stein". Kan det passe for deg?

- Stein er dessverre ikje ei stor interesse, men fjella er eg derimot veldig glad i. Til fots eller på ski, så det til fjells eg helst drar når eg har fri.

– Navmnet ditt er brukt i mange land. Fungerer det i utlandet?

– Artig at det er eit internasjonalt nam, for eg har nesten aldri opplevd at nokon har klart å uttale det. Her blir det ofte variantar som «Penny», «Perleena» og «Perni».

– Men kva gjer du til daglig?

– Til vanleg studerer eg medisin i Trondheim, men dette året har eg hatt permisjon. Eg har reist mykje, jobb og vore på fjellet. Eg ser nå fram mot å starte studiane att i august.

– Og på fritida?

– Da likar eg best å vera på tur, gå på ski, besøke venner og familie, lese og slappe av.

– Kva for planar har du i sommar?

–Akkurat nå er eg på tur til Sri Lanka for eit par veker. Der etter skal eg til Frankrike med kjærasten og hass familie, før Rondaståk, litt jobbing og forhåpentelgvis nokre fine dagar i fjellet.