Ringebu ber til fest igjen

Multikulti i Ringebu blir i helga arrangert for sjette gong. Vær klar for å smake, lukte, sjå og høyre ulike kulturuttrykk i Vålebrua.

Mat: Mykje god mat blir å finne i gågata, som i fjor  Foto: Guro Vollen/arkiv

Nyheter

Sidan 2013 har Multikulti gjort Vålebrua til ei smeltegryte av synsinntrykk, lukter og smakar frå alle verdshjørne, den fyrste helga i juni.

Som ein slags felles nasjonaldag, for alle ulike nasjonalitetar og kulturar som er busett eller held til i Ringebu, og med bidrag frå mange av dei. I år blir det mellom anna stomp-orkester, volleyball i parken, ikkje minst mat, dans og kunst. Musikk i gågata blir det også. Arrangementet er gratis og ope for alle. Og det er meldt bra vær ...


Vil ha med alle som trur eller veit at dei likar å synge, i eit nytt ungdomskor

Syng ut med Tina i haust

Tina Lie er klar for å samle unge mellom 14 og 19 år til å synge saman i kor. På ein måte. Men kanskje ikkje slik du trur.