For sjette gong vart multikulti arrangert i Ringebu, og såpass eksotisk var været at skuggesida av gågata vart den mest populære.

- Ja, vi kjem nok til å halde varmen her i dag, seier Jorunn Høyesveen, Toril Hedderich og Bjørg Karlstad.

Eigentleg skulle dei servere kål, men været snudde på menyen.

Foto: Guro Vollen

- Vi har i staden kald rabarbrasuppe og skruller; det passar betre i varmen, seier dei, som sto for den norske delen av menyen. På andre sida av gata serverte Abba Amina frå Kamerun saft med nellik og ingefær, av ei bær som heiter follere. Ho har også yams - ein grønnsak brukt omtrent som potet.

- Her er det granskotsaft, den er veldig sunn, og fin å lage nå!

Adriana Baltatu frå Transilvania i Romania serverer safta til cozonac, ei tradisjonall kake frå Romania, som er litt som ei norsk julekake.

- Vi brukar den til høgtider og samankomstar heile året, både jul og påske, bryllup og gravferder. Vanlegvis er det kaffe til, men sidan det er så vart i dag, tok eg heller med granskotsaft, seier Ada.

Musikken er også i gang, og kulturskulen spelar opp. Lenger ned i gata får ein provd seg på hesteskokasting hjå Lionsklubben, to trommesett står til fri bruk på eit hjørna og ein kan teste skotfoten hjå Kjell Bakken i Ringebu Fåvang fotball.

Det prøvar Alhareth Esedin på. Tilslaget er godt, og han får skryt frå Bakken.

- Eg spelar fotball på Ringebu Fåvang, på G8, fortel Alhareth.

Matlukta frå dei ulike borda strauk langs heile gata, og lokka folk til å prøve Nasrullah og Z

ia sin kabule eller Salah sin kapsa eller havise. Afghansk og Syrisk sto side om side, og alle fat vart fort tomme.

Ragnhild Kolstad og Lilli Borgen prøvde syrisk mat.

- Det var veldig godt!

- Det einaste var at ein ville blitt veldig mett om ein skulle prøvd alt, seier dei.