Åsmund Krok (12) frå Kvam fekk skryt frå speaker Bjørnar Bakken.

Skryt: Åsmund Krok har ikkje sauar sjøl, men likar å hjelpe til på gard. Han hadde teken med saksa, og det fyrste gongen har prøvde.

– Eg har ikkje sau heime, men eg har vore med mykje på gard, da. Men eg har aldri prøvd å klyppe før, seier han.

Kameraten Mathias Myromslien(12) har derimot mange sauar heime, og vart gira på å klyppe meir.

– Detta var artig, seier han etterpå.

artig: Mathias Myromslien ville heim til Kvams-baksida og klyppe meir. – Dette var artig, let han på

Malene Auglestad (11) prøvde seg også, og let på at ho ville prøve meir til hausten.

– Da må eg til onkel i tilfelle, for vi har ikkje sau lenger.

– Korleis var det da?

– Sauen var veldig tung, det var tungt for føtene, seier ho. Og så var det litt skummelt når sauen spende til!

Dei aller yngste, ennå på trøtraktor, satt spente framom scena med opptil fleire lag caps på hovudet frå ulike maskinleverandørar.

Dei proffe på scena er lokale håp til haustens NM i Kvam, og Sindre Myrsveen og Lars Sønstevoldhaugen frå Fåvang, var nesten på draget like raske klyppinga.

– Det er ein fordel at sauene er varme, da glir saksa betre gjennom ulla, kommenterer Bakken.

Da får det ikkje hejlpe at klypparane sveittar godt i 30 grader på asfaltplassen i Kåja.

Grillstanden til Nortura og Sau og geit hadde likevel fått sving på grillen, og nye lammepølser gjekk unna.

– Dei fell veldig godt i smak hjå dei fleste, men vi ser eit aldersskille, den er kanskje litt sterk for nokre, seier grillmeister Ole Johan Kolseth.

Olav Røssum på standen til Nord-Fron bondelag meiner dagen er ei viktig synleggjering av næringa og alt den fører med seg av aktivitet og verksemder.

– Sjå berre på alle verksemdene og organisasjonane, forretningar og samvirke her i dag - det representerer ganske mange arbeidsplassar og omsette millionar, seier Røssum.

Landbrukets dag er arrangert av Nord-Fron Bondelag, Nord-Fron sau og geit og Nord-Fron bonde- og småbrukarlag.

Lag og organisasjonar, 4H, bygdeungdomslaget, meieri og slakteri var representert, forutan alle maskinforretningane. Også mange aktivitetar sto på programmet, som ridning og natursti for ungar. Fleire dyr også, både ku, sau, høner, geiter og gås.