Teateret på Otta er det einaste av sitt slag i Gudbrandsdalen, og folk går mann av huse til dei to framsyningane som er sett opp. Dei 23 skodespelarane i Spranget kjem frå heile Nord-Gudbrandsdalen, men har med to aktørar frå Midtdalen også. Elisabeth Trettengen og Mats Erik Baukhol frå Sør-Fron fekk verkeleg vist seg fram.

Lovens lange arm

Baukhol hadde roller i fleire sketsjar, mellom anna som lensmann i full uniform, som stoppa fyllekøyrande samar på Finnmarksvidda. Utruleg morosam var også sketsjen frå doktorkontoret, der han blir sett i stolen og undersøkt av fleire, utan at han har legetime; han skulle berre levere ein sekk med ved ...

Også ballettnummeret der han og fleire spreke herrar i tutu er med, er storarta.

Songstjerna frå Sør-Fron

Elisabeth Trettengen har også vore med på Spranget fleire gonger, og er ei av fleire songstjerner i truppen. I år framførde ho Sånne som oss, av Henning Kvitnes. Akkompagnert av Ole Johnny Bekkemellem er ho stødigare enn nokon gong, og ho er også viktig bidragsytar til koret i fellesnumra.

Ektheit og glede

- Aktørane i Spranget teater er ikkje som alle andre. Dei har desse uvurderlege eigenskapane som gjer at vi opplever ei unik ektheit når dei kjem på scena og lokkar fram smil, latter og stundom ein vakker tåre eller to, seier Ole Gunnar Nagelsett, som har vore medhjelpar og instruktør undervegs til fleire av Spranget-framsyningane.

- Det har vore vanskeleg å finne baksider ved opplevinga med Spranget teater, heiter det frå teatergruppa i programmet.

Sjølv om dei vedgår at det har vore mykje arbeid, både for aktørane og for støtteapparatet.