Utanom ei opphopning av namnet i slekta, er det sjeldan Gustav Rafteseth finn namnebrør.

– Kjenner du mange med namnet ditt?

– Nei, kjenner eg til berre to andre her. Men vi er fire syskjenborn med same namnet, tre på farsida og ein på morsida. Om det er manglande fantasi eller noko anna veit eg ikkje.

– Du er kanskje oppattkalla?

– Ja, bestefar heitte Gustav, så det forklarer kanskje dei tre på farsida.

– Namnet ditt betyr noko slik som «gøtenes støtte». Er du særskilt venleg innstilt overfor svenskane?

– Nei, eg føler vel ikkje at eg har støtta dei spesielt opp i gjennom åra, men det er heilt greit om dei kjenner det slik!

– Til dagleg er du å finne på GE?

- Ja, der har eg vore sidan vi fløtte hit i ’90. Det har eg ikkje angra på, har flotte kolleger, ein interessant jobb og ryddige arbeidsforhald.

– Musikken er også viktig?

– Ja, eg lærte å spela gitar i 8. klasse, og det har vore ein fin hobby. Har spela i nokre grupper, men har trappa ned så det er mest til husbruk nå.

– Har du planer for sommaren?

– I år blir det i alle fall ikkje sydentur, sidan det kjennest som vi har hatt sydentilstand på Vinstra i år! Det blir ferie med barnebarnet på seks år i fjorten dagar, så da må vi finne på noko sprell.