Det var etter at prosjektgruppa «Kvam på kartet» starta si innsamling av forslag til å tenkje kreativt om bygda, at tanken om å designe ein eigen genser for bygda, kom opp.

Garnpakker

Rundt bordet på Bjørke gartneri sitt arbeidsgruppa denne måndagen, da lokalavisa tek turen, for å sjå på ideane som allereie er sendt inn, etter at Eli Dahl lufta tanken om ein eigen genser.

– Å lage genser var eitt av dei kortsiktige forslaga som kom inn, som vi såg at vi kunne ta tak i med ein gong, fortel Hanne Britt Jacobsen.

– Rundt bordet her sitt Eli, som hadde forslaget, vi har Solveig Orstad Teigen som er ekspert på å lage mønster, vi har strikkarar, og vi har eigen garnprodusent. Tenk det, at Kvam har eigen produksjon av garn, legg ho entusiastisk til.

Forslag: Fleire forslag er kome inn, men gruppa ønskjer fleire. Foto: Tone Sidsel Sanden

Stor etterspørsel?

Garnprodusenten ho siktar til er Leine Merino, med sjefsprodusent Anders Deinboll Fortun. Genseren er tenkt seld i garnpakkar, med ferdig mønster og garn.

– Vi vil bruke hovudfargane brun og naturkvit. Men det skal vere mogleg å strikke i den farga ein ønskjer. Så vil også etter vart lage både pannebånd, skjerf, lue og kofte, for eksempel. Vi tenkjer at dette er noko som det kan bli stor etterspørsel etter, seier Jacobsen.

Slagplan: Måndag la gruppa ein plan for vidare arbeid med genseren. Målet er å få den ferdig til NM i sauklypping i oktober. Foto: Tone Sidsel Sanden

Fyrst og fremst vera fin

På bordet ligg forslag til mønster inspirert av alt i frå Rondane, Kvamsfjellet, kløver som symboliserer landbruket og Storåa, til det som symboliserer samhaldet i bygda og Kvam i mitt hjerte.

– Vi må ha nokre symbol som fortel noko om Kvam, men genseren skal fyrst og fremst vera fin. Når folk ser den skal dei ønskje seg ein slik sjølv. Kanskje kan den bli like populær som Mariusgenseren, seier Jacobsen.

– Vi har mange gode forslag på bordet her, men vil gjerne ha fleire. Eg er sikker på at det er mange som har meiningar om kva som bør vere på ein slik genser, seier Dahl.

Nå utvidar gruppa fristen til 20. august.

– Det er nok å strikke ein liten lapp, men teikn gjerne mønsteret, slik at vi ser korleis og kvar det er tenkt på genseren, seier «mønstermakar» Teigen.

Målet til gruppa er å ha ferdig genser til NM i sauklypping i oktober.

Etterspørsel: Det er ikkje mangel på entusiasme rundt bordet. Målet er at bygdas genser blir like populær som Mariusgenseren. Foto: Tone Sidsel Sanden