Det var kyrkja i Nord-Fron som hadde invitert TFF til å kome på besøk, og onsdag kom dei både syklande og gåande for å både lære og høyre om kyrkjegarden.

– Saman fekk alle høyre om gravferd og sjå på symbol, før vi gjekk inn på kyrkjegarden for å sjå på gravminne, fortel diakon i kyrkja i Nord-Fron, Ingunn Liseter.

Læring: På vandringa fekk dei som var med lære litt om korleis kjærleik og sakn kan uttrykkast på gravminna. Foto: Privat

Sterke opplevingar

I samtala kom dei inn på at kjærleik og sakn kan uttrykkast på gravminna på fleire måtar, både gjennom blomar, ljos, orda på gravsteinen og ved symbol som englar, kors, hjarte og soloppgong.

– Mange hadde slektningar eller kjende som dei mintes, Det vart ei sterk og fin stund på kyrkjegarden, som vi avslutta ute med å synge «Fager kveldssol smiler». Det er mange som har sterke opplevingar rundt denne salma, seier Liseter.

Etter å ha vore på kyrkjegarden, vart kvelden avslutta med kveldsmat i kyrkjestuggu.

Det skal haldast fleire slike kyrkjegardsvandringar, men neste gong blir det til ei anna kyrkje i kommunen.