Statistikk som vart offentleggjort av SSB måndag, syner at den norske produksjonen er mindre enn importen av jordbær.

– Jordbær er den klart viktigaste bærveksten i Norge, og dei utgjer om lag 70 prosent av alle bær vi dyrkar her til lands, fortel Berit Bjørlo, seniorrådgjevar i SSB.

Importen av utanlandske bær skjer hovudsakleg frå Belgia, Nederland og Spania. Denne eksporten overgår nå vår eigen produksjon i tonn.  "Sjølvforsyningsgraden" for jordbær er rekna til 48 prosent, 9650 tonn friske bær vart importert, medan vi produserte 8500 tonn sjølve.

I 2017 vart det på norske gardar produsert jordbær til ei inntekt for bøndene på 432 millionar kroner.

– SSB har tal for jordbærdyrking på gardar som har minst eitt dekar jordbær, og vi dekkjer dermed det aller meste av dei norske jordbæra som er å få kjøpt, seier ho.

Oppland er det tredje største jordbærfylket i dekar med jordbærdyrking.

Mesteparten av bæra ender hjå forbrukarane, anten ved direkte salg eller via daglegvarebutikkar eller anna detaljhandel. Noko jordbær går også til industrien. I eit normalår startar sesongen for norske jordbær i juni. Juli er høgsesong, men ein kan få norske bær heilt ut i september.